5. okt, 2018

Herlege Hjeltefjorden Arena!

 


Herlege Hjeltefjorden Arena! Idretten blømer, og hallen syder av aktivitet. Øygarden kommune har fått ei ny storstove, og den vert brukt aktivt heile veka. Nye aktivitetstilbod, fører til nye utfordringar. Sjølv søkte eg kommunen om å halde buldrekurs,  dette er vanleg med tanke på god HMT i andre fleirbrukshallar i Noreg. Eg var leiar for Studentidrettslaget i Sogndal då eg studerte der. Den nye hallen vart bygd samstundes med det, og eg fekk eit fint innsyn i korleis ein tenkte HMT i samband med buldring og klatring. I buldrehallen i Øygarden er aldersgrensa satt til 12 år av Øygarden Kommune, og det er fornuftig om borna klatraåleine. På buldrekurset fokuserer me blant anna på HMT i forhold til oss sjølv og andre.Dersom ein kar som meg, på 80 kilo, fell 3 meter ned på ein treåring som leikar i buldrerommet, vil det få ein dramatisk konsekvensDet har vore givande dagar, med entusiastiske deltagarar. Eg vonar at kursa inspirerer til aktiv bruk av buldrerommet. Buldring er nemleg ein idrett som er stor i Noreg, med både NM og VM. Eg sette prisen for kurset slik som den plar vere i rundt om i Noreg. Mellom «klippene» i Øygarden er det eit klatreeldorado. Det finnes menneske med interesse og kompetanse blant oss. Eg vil tru det er tid for ein klatreklubb eller liknande her ute. Då kan me auke både klatreaktivitet og kompetanse i idretten.Tenkjer det er viktig at det kjem eit slikttilbod i Øygarden, det vert eg gjerne med på. Kanskje kan idrettslaget halde i dette som ein del av breiddetilbodet?  Eg opplever at det er eit fint høve til å skapa god og sosial aktivitet, samt at ein får drive idrett og trening. Klattring/Buldring er ein  fantastisk, underhaldande og personleg utviklande sport. Ein utviklar seg bådefysisk og psykisk. Buldring er folkehelse og breiddetilbod på sitt beste, og sist men ikkje minst, det er ikkje langt mellom kvar gong ein kjenner meistring.


Takk til alle som deltok desse vekene.Dette var veldig kjekt😊
Helsing Cato

28. aug, 2018

For ei helg! Heilt vilt!

Då eg i vår vart spurt om å vere tryggleik og beredskapsleiar for MOT foreldremøte, Ylvis konserten, Det Store Korslaget samtidig som eg også hadde det ansvaret for Øygardsmila, hadde eg aldri sett for meg eit slikt vannvittig folkeliv og entusiasme! Dette var som å gjennoppleve SykkelVM, ja kanskje det var endå litt større i mine lokalpatriotiske auge! 

Eg har fått lov å ha med meg fantastiske, engasjerte, tydelege, dyktige, dugnadsviljuge eldsjeler, som har levert til dei grader! Så tryggleikskomiteen i Øygardsmila var satt, og eg kunne lene meg på Roar Elde som tok seg av kommunikasjon og kontakten med Røde Kors frå KO, Renate Sæle, som hadde full kontroll på løypenett, vaktposter og 26 frivillige frå Rong Brass (sprudlande, blide men samtidig proffe folk, som no har 3 ØM i beltet) og Geir Fjellstad som koordinerte politi og trafikkslusing over Rongesundbrua, då slappa eg heilt av. Eg visste at dette kom til å bli nok ein suksess! 

Skjergard stille med Stian Helgesen, det var eit sjakktrekk! Han skaffa folk til både Ylviskonsert og Det Store Korslaget. Dei var villige til å bruke fritida si til å både stille på førstehjelpkurs, lese seg opp på rømningsplanar, beredskapsplanar og risikovurderingar. Dei leverte med glans, og gjennomførte profft to store show med over 1400 tilskuarar og deltagarar over to dager. Samarbeidet med Ivan Nakken, teknisk ansvarlig for bygget Hjeltefjorden Arena desse dagane, var prega av problemløysing då utfordringer oppsto, noko eg hadde sett for meg at det skulle bli meir av i eit så nytt bygg. 

Dette gjer eg gjerne igjen, for makan til stå på vilje og positivitet har eg skjeldan møtt! Det er mange som skal ha ros for å ha levert denne helga, både musikaler, politikarar, løparar, ordførar, administrasjon, artistar, eldsjeler, produksjonsansvarleg, publikum osb.. Men mest ros skal alle dei ha, som stillte og leverte for at andre skulle få oppleve. Eg tar av meg hatten i respekt! Som dåke sikkert kan lese, så er eg fortsatt litt prega og "høgt oppe" etter helga, men eg kjem likevel ikkje til å endre meining om ei veke eller to. Dette treng me her i Øygarden, dette bør bli ein fast tradisjon!

Avsluttningsvis må eg få med at Klyva As også i år fekk arrangera Bruhopping frå Rongesundbrua, eit skikkelig goodfeel arrangement med god stemning og masse glade, spente og adrenalinsøkjande menneske. Magisk stemning frå Dagleg leiar Øystein Torsvik og Team Klyva. Sjølv fekk eg gjennomført eit stunt me har tenkt lenge på, å droppe ut frå brua i kajakk. Det var heilt rått, og rimeleg ubeskriveleg! Kjenner det enno! Etter hoppet vart kajakken heist ned til sjøen og kobla frå, så eg kunne padle inn til Skaget. Eg håper alle som tok Øygardsspranget desse dagene, hadde like god oppleving som eg. Musikken, stemninga, utsikta, menneska...Eg er klar igjen om eit år, og har allerede starta å glede meg👏👏

7. aug, 2018

Tilbake på jobb, med ein 8mnd gammel baby!

Etter eit slaraffen liv, med feriedager hjå familien Stokke (Me feira faktisk 10 års jubileum, så mange år på rad har vi feriert hos den herlige gjengen i vakre Eydehavn!) var det attende på jobb som guider for klyva as. Ronja og Rowena var heime kl 23 etter ein 9 timers kjøretur, og gjekk rett igang med matlaging for 20 amerikanske gjester, som skulle vere med på klippe og juvvandring dagen etter. 00:30 var dei i seng, og oppe og klar til action igjen kl 0800. Eg var imponert over humøret og holdningen deira i dag tidlig, og trur dei var glad for å komme igang igjen.

Dagen starta med regn, men 10 min før gjestene kom, kom sola fram, og me fekk ein fantastisk dag! 6 timer med klippe og juvvandring, rappelering og klatring, omsom vart avrunda med ein herlig ute middag og hike til fyrlykta. Det var spreke amerikanere med oss i dag, ein familie på 20, der minstemann berre var 8mnd! 

Han smilte som ei sol på heile turen, og var til å ete opp😊Jentene sikra ivrige klatrere i klatreveggen, mens eg og Brynjel tok rappelering og hike til fyrlykta. Gjestene fekk også smake på det naturen hadde å by på i nærområdet, og både surblad og krekling var populært! 

Ronja og Rowena har no organisert alt klatreutstyret og er igang med å vaske opp. Brynjel har guida for Klyva i mange år, og er no ferdig med studiene sine, fått fast jobb, og hadde sin siste dag som guide i dag. Litt vemodig kjenner eg, men håper at han stepper inn som gjesteguide innimellom i åra som kjem. Ikkje så lett kanskje, når ein plutselig ikkje er student lenger, og ferien berre er tre veker lang. Takk for fantastisk innsats og proff guiding desse åra Brynjel👏Me set stor pris på deg!

Jentene skal arbeide med Tante Hedda i sekretariatet under førebuinga til Øygardsmila, dei skal og jobbe med bruhopping for klyva, så sjølv om sesongen nærmer seg slutten, er det meir enn nok å ta tak i👏👏😊

Kommentarer

07.08.2018 15:48

Henriette

Flinke jenter!!!!

4. aug, 2018

Hammocklife 👌å sove under åpen himmel ytterst i skjærgården 👏

Etter badedager, fotball på løkka, båtturer og utendørs badeland i Tvedestrand, ligger eg no og slapper av i ei hengekøye. Ein liten holme langt ute i havgapet her på Sørlandet, hadde den perfekte stranda og trærne like ved. Ungene har sovna, alle fem i alderen 6 til 13 år. Dei voksne søv og, men eg prøver å skivse enda nokon minutter med livsnyting ut av kvelden. Det er mørkt nå når klokka bikker 23:30, men eg har utsikt til havet, vinden er der...såvidt, og bølgeskvulpet nokon få meter borte er søndyssende og fint å ligge å lytte til. Snart er det jobb, og mange arbeidsdager med både fine og tøffe oppgåver i vente. Men nett no er det berre livet, lydene, lyset og luktene frå sjø og skog. Livet er fint😊God natt..

Kommentarer

05.08.2018 11:40

Thomas Giertsen

Hengekøyesoving er digg😊 kose dere masse😊

05.08.2018 11:51

Cato

Veldig søvndyssende 😂Ramla ikkje ut av køyen før kl 10 dagen etter😏

30. jul, 2018

Våt til skinnet!

Det starta med 20 grader og fønvind i dag, då Ronja, Rowena og eg bar ut mat og klatreutstyr, og rigga klart til ei ny guiding med amerikanere. Det skulle vise seg at det fine været ikkje skulle vare lenge. Planen var å rappelere, klatre gjennom ei grotte, buldre på klippene, gå nokon ruter i klatreveggen og så avslutte med kajakkpadling i området rundt Turøy. Slik vart det ikkje😂

Heldigvis var familien som møtte opp, skikkelig atletiske og i god form. Alle dreiv med idrett, og faren i huset hadde fleire Ironman løp i beltet. Me hadde tre  timar i flott vær, med innslag av små byger med duskregn, før himmelens sluser åpnet seg. Ronja måtte grille laksen over eit bål under eit overheng i fjellet, ho fant ein plass der vi alle kunne sitte tørt og nytte middag og dessert mens regnet plaska ned 40 cm frå nesetippen vår. Til tross for vatnet som fossa ned, var stemningen god, der vi satt tørr, god og mett. Amerikanerne var vikingar, og aldri før har me sikra folk i klatreveggen mens vatnet pøste ned, det satt ekstra krav til klatreferfighetane, og som ein seier i Amerika: They crushed it! 

Våt til skinnet, men forsatt varm, mett og god, med noko som vart ein strålande suksess til tross for det skiftende været, sa me farvel til familien som skulle være i Norge ei veke til. Neste mål var breguiding i Fjærland, og så liten som verden er, håper eg at det er kompisen min Jarle Mundal som er guide. Han var blant anna teltkompisen min på ekspedisjonen til Denali i fjor, og er ein rå kar å ha med seg i fjellet.

No har jentene vore på lageret og hengt alt utstyret til tørk, dei har vaska opp alle kjørlene og me er klar for neste oppdrag. Då skal me ha med oss 19 amerikanere, og blandt anna ein liten baby, så det ser me fram til 😊 Våt måndagshelsing frå Cato og Rypene.

Kommentarer

31.07.2018 14:45

Mona (tante)

Høres kjekt ut, uansett vær🤗😍🌞

31.07.2018 23:03

Cato

Me hadde det veldig gøy, regnet var varmt, litt merkelig egentlig 😁

30.07.2018 21:04

Henriette

Wow skal si dere er tøffe!!! Helt kanon:) håper dere får mange flotte turer!

31.07.2018 23:05

Cato

Takk for det, eg og jentene skal guide langt ut i august, neste tur er med 19 gjester, og det gleder vi oss til👍👏😊