25. jan, 2021

Veit du kvar Kjøpmannsvågen er?

Åpningsdag- Øygarden sitt første klatresenter!

Nettopp i Kjøpmannsvågen, rett under Rongesundbrua åpner me Øygarden Klatresenter måndag 1. februar kl 1700. Den dagen kan du koma inn for å kikke, du kan og registrere deg som medlem om du har lyst til det.

Klatring, buldring, klatreskule og brattkortkurs

Det første klatresenteret i Øygarden kommune er rustikk og ikkje av det største slaget, men veldig koselig. Me har bygd det i eit naust der det er høgt under taket. Me har prøvd å behalde naustmiljøpreget, og føler me har klart det🙂 Her blir det eit godt klatremiljø, eit klatremiljø med hjarte❤ Me har eige buldrerom, fire storvegger, to barnevegger, overheng og campusvegg. Er du usikker på kva alt det tyder? Kom innom på måndag, så viser me deg rundt:) Me har og laga ei heimeside der du finn alt av info om klatreskule for dei frå 5 og heilt opp til 17 år. Der står det om brattkortkurs for dei som vil læra å klatre. Det står prisar og åpningstid, ja alt du treng å vite om senteret. www.brattkortkurs.com er sida vår på nett.

Kvifor i all verda skal me ha eit klatresenter på Toftøy?

I hovudsak handla det om at me har verdas finaste klippeklatringshøve på øyane våre her ute i havgapet. Me har og mykje regn om hausten og vinteren her ute, men om sommaren er klatrelivet flott og tilgjengeleg frå Toftøy til Hellesøy. Det er klatrestader og ruter langs heile nordre del av Øygarden. Me savna eit alternativ på haust, vinter og regnfulle dagar, og no har me det. Klatring har blitt ein folkesport, og det er fint å endeleg kunne drive med det året rundt. 

Kjem du innom på måndag?

Me håper det, i såfall blir du tatt i mot av Cato og Ingrid, eigarane av senteret. Dei vil gje deg svar på det du lurer på, vise deg rundt og registrere deg om du vil bli medlem den dagen. 2.februar er senteret åpent for alle som er blitt medlemmer.

Kommentarer

26.01.2021 14:48

Trine Semshaug Kuven

Så gøy!🤩 Gleder meg til å sjekke det ut! Gratulerer og lykke til! 👍😃

25.01.2021 15:22

Monno

Gratulerer🎉Og for ein dato💥Kommer til huske den evner 😂

25.01.2021 16:35

Cato

Me jobba hardt for å få lagt åpninga til bursdagen din😉

5. des, 2020

Korona og Mount Everest - Øygarden og verden.

Så kom Covid-19!


Planen om å klatre Everest til våren var klar, eg hadde starta samtaler med sponsorer vinteren/tidleg vår 2020. Første sponsormøte med Kaland & Partnes var svært hyggeleg. Eg møtte daværande CEO Tommy Kaland på hans kontor i Bergen, og som eiendomsmegler i eit konkurransebasert miljø, annerkjende han det  å ha store draumar og hårete mål. Me fant fort tonen, og Kaland & Partners ville vere ein av hovudsponsorene i forsøket mitt på å nå Everest, det siste av seven summit fjella eg har igjen å klatre.

Pandemien er over oss.


Aldri hadde eg sett for meg det scenarioet som plutseleg sto foran oss, heile verden vart snudd på hovudet. Som lærer på ungdomskulen i Øygarden vart det hurtig opplæring i korleis ein skulle drive undervisning digitalt. Heimeskule vart inført i perioder, og kollegaene mine jobba frå 0700 om morgonen til seint på kveld for å tilrettelegge undervisning, og samstundes ivareta elevane. Dette har nok vore ein av dei tyngste periodene i mitt lærarliv.Trøsten var at eg i det minste  hadde ein jobb å gå til. Rundt meg opplevde eg fortvilte vener som vart permiterte og oppsagt, og fokuset mitt på Everest våren 2021 forsvant i fortvilelsen over nyheiter om dødsfall og smittespreiing både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det var ikkje lenger aktuelt for meg å besøke bedrifter å prate om samarbeid. Draumen om Everest hadde bytta plass med behovet for å ivareta dei rundt meg, samt ein draum om vaksine og ein kur mot sjukdomen som har tatt livet av så mange, og ikkje minst rasert samfunn i heile verden. Nokon har klart seg bedre enn andre. I Sverige har det døyd fleire enn det fantes innbyggjarar i gamle Øygarden kommune. For ikkje snakke om tala i USA. Det er som mørkast før det blir lyst, me ser ei løysing i horisonten, men samstundes skal me ha i bakhovudet at det døyr eit menneske kvart 30. sekund USA nett no.

Vegen vidare

Eg trur at det meir enn nokon gong at det er viktig å ha draumar og å setje seg mål. Det er det som saman med å ha nokon å vere glad i, som familie og vener, som er med å gje meining til, og i livet. Me er alle ulike, derfor er meininga med livet ulik for oss alle. Nett no les eg at psykiske lidingar blandt born og unge har mangedobla seg under pandemien. Me har ein lang veg å gå når me ser på samfunnsutviklinga framover, både i mikro og makroperspektiv. I lokalsamfunnet er det mykje me som einskildmenneske kan bidra med, og eg ser det skje kvar dag her i Øygarden. Her heldt trenarar igang aktiviteten for borna, lærararne står i ein potensiell smittesituasjon kvar dag for ungane si skuld, det blir samla inn trailerlass med klede og julegåver til trengande i Ukraina, innsamling av pengar for julefering til trengande lokalt, ja på alle frontar verkar det som alle tar i eit tak. Lokalsamfunnet legg inn alt av styrke, entusiasme og mot for å gjere ein innsats for oss alle. Det er fint å sjå og å oppleve.

Øygarden, eit engasjert samfunn, med eit engasjert folk.

Eg er glad for å bu i Øygarden, her er det engasjement og nett det er hovudet og kroppens flybensin. Her kjemper bygdefolk for lokalskulen, politikarane for budsjett, me er einige og ueinige, har ulike syn og ulike behov. Det me har til felles er engasjementet. Det er fint. Det er noko som kjenneteiknar oss strilar, me er stolt, sta, og engasjert. Me tåler ein støyt, men kan og bli blodig fornærma. Av og til kokar me heilt over.Samstundes er me empatiske, me har hjarta på utsida, me bryr oss og me viser det i handlingar og ord. Eg har ein draum om ein ny kvardag om ikkje lenge, og om ei finast mogleg ventetid fram til det skjer. Everest og ein normal kvardag. Nett no verkar dei to som dei høgaste og hardaste måla å nå, dei verkar lengst borte. Samstundes er noko fint med det å vente og, for den som venter på noko godt, venter ikkje forgjeves.

God adventstid til alle❤. 

Helsing stolt ventande stril, lokalsamfunnsentusiast og Øygardsværing.

 

8. mar, 2020

Eg klatrer Mount Everest neste vår!


Eg klatrer Mount Everest neste vår!
 
Vel, det er iallefall målet mitt. Eg har eit fjell igjen å klatre for å bli den første strilen som har fullført å ha klatra dei sju høgste fjella på jorda sine sju kontinent. Det er fleire som har vore i verdsrommet enn det er menneske som har klart denne bragda. Det har tatt meg 14 år og gode samarbeidspartanarar for å koma så langt. 
 
Eg treng di hjelp!
 
No treng eg di hjelp! I oktober må eg ha økonomien på plass, for då skal klatrelisenser og andre utgifter betalast. Eg kontakter for tida bedrifter for å spørje om dei ynskjer eit samarbeid med meg, og kanskje du kan hjelpe meg på veg. Hør gjerne med di bedrift og gjer dei merksam på meg og kva eg kan gje attende i eit samarbeid. Kanskje er det nett di oppfordring som gjer at eg får den samarbeidspartnaren eg treng! 
 
Motivasjonsforedag, teambuilding, klatrekurs, treningsutfordringar og markedsføring.
 
Eg er opptatt av å gje attende med same verdi som bedrifta vil investere i prosjektet mitt med. Eg leverer teambuildingsdagar, klatrekurs, treningsutfordringar og motivasjonsforedrag til dei ansatte. Ein samarbeidsavtale inneheld og markedsføring av firmaet dykkar i sosiale media, og tradisjonelle medier. 
 
Eg har 4 ulike samarbeidspakkar, eg håpar du kan gjere bedrifta du arbeider i, eller eig, merksam på meg, så eg kan få høve til å presentere dei fire forslaga. Kanskje er det nett du som bidrar til at den første strilen set foten på toppen av Everest og fullfører seven summits neste år på denne tida.
 
Bedrifta di får tak i meg på catorislow@hotmail.com eller på mobil: 40081469
 
 
Med venleg helsing Cato Risløw. 
Lærar, rådgjevar og eventyrar. 
28. nov, 2019

Signingsferd- Nye Øygarden Kommune! 150 Km padling på tre døgn!

Signingsferd- Nye Øygarden Kommune

Ei signingsferd er ei reise der ein hyller noko bestemt. Laila Reigstad (Misje) og Cato Risløw (Rong) skal padle i kajakk gjennom alle tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden, ei ekstremt væravhengig reise på rundt 150 kilometer der vi omfavner den nye Øygarden kommune. Alle dei tre ordførarane vil padle med på eit havstrekk i sin kommune.  

Ei avstand lengre enn Danmark-Norge over Skagerak!

 Turen er lang og værutsatt. Til samanligning er ei kryssing over Skagerak frå Grimstad til Hirtshals 110 km. Å padle rundt nye Øygarden kommune er altså nesten 40 km lenger!  Padlinga tar oss gjennom den opprinnelege ferdselsåra, langs storhavet, gjennom straumfulle sund og forbi naust i smale passasjar. Denne signingsferda i nyekommunen vil hylle naturen, kulturen og innbyggarane. Tre kommunar blir til ein, men folket, lynnet, humoren, råskapen og rausheten er og blir den same.

Ekstremt væravhengig!

Padlinga vert lang, rundt 50 kilometer dagsetappar, tre dagar i strekk. Det vil utgjera rundt 10 timar padling kvar av dagane 26-27. og 28. desember, og i tillegg til vind, dønningar og straum så er dagslyset ei utfordring då sola er oppe knapt 6 timar per dag i romjula. Sjansen for å måtte avbryte eller at ein ikkje får starta opp i det heile er stor, men det er slikt som me strilar er vant til å forhalde oss til. Me veit at naturen her ute styrer, her er me berre gjestar på besøk og må bøye oss etter moder natur.

Vil du være med eit stykke på ferda?

Vi startar, og avsluttar, på steinfyllinga i Straumsundet mellom Straume og Bildøy, altså der gangtunellen frå Sartor ender. Lokaliteten er vald utifrå at kommuneadministrasjonen skal leggast til Straume. Øygarden-ordføraren dukker opp ved nyekaien nedanfor Øygarden rådhus, Fjell-ordføraren kjem til eit aktivt padlenaust på Misje sammen med ein gjeng havpadlarar, og Sund-ordføraren møter oss ved historiske Glesvær. Alle ordførarane stiller i enkeltkajakk og vi prøver å lure dei med til kajakkablegøyer ingen ordførar nokonsinne har tenkt på eller prøvd! Og vi håpar på at dei også vil bera ordførarkjedet utanpå tørrdraktene! Om du har lyst å vere med oss eit stykke på ruta, så er du velkommen til å padle med oss frå Misje til Algerøy den 27. Desember. Det hadde vore kjekt å få følgje av kajakkfolk frå alle kommunar.

Inn i ei ny tid!

Like før vi er ferdige plukkar vi med oss den aller første ordføraren i nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik. Han vil ta over åra og padle oss trygt inn i framtida i nye, flotte Øygarden kommune. Me gler oss, bli gjerne med eit stykke på ferdaJ

Helsing Laila og Cato

Kommentarer

28.11.2019 13:03

Laila Reigstad

Fy søren kor eg gleder meg🤸🛶🎉

10. nov, 2019

Ganske bra….til å vere jente!

Anja Blancha

For snart to år siden sto eg på høgaste toppen i Antarktis. Eg klatra med Jenta på bildet. Me klatra kjapt, ho var sterk og uredd. Dette var hennes siste fjell av dei sju høgaste fjella på dei sju kontinenta, det var mitt sjette. Ho var berre 27 år og den yngste jenta frå Tyskland som hadde greid denne bragda!

Verdsrekord på gang!

Anja har ikkje kvilt på laurbæra, ho skal no ut på ei utruleg reise. 1400 km på ski! Til Sydpolen. Aleine. Utan påfylling av mat og utstyr undervegs. Ei vanvitig utfordring og bragd fordi reisa hennar er meir enn eit rekordforsøk eller eit adrenalinkick. Det er eit varsel til alle jenter som trur at det krev store musklar å klatre i fjell, at ein må vere ein mann for å vere det første mennesket som oppnår noko. Kjem ho fram vil ho vere den første kvinna som går frå kysten av Antarktis til Sydpolen aleine utan etterfylling og støtte.  

Not bad for a girl!

Etter å ha erobra alle dei høgaste fjell på kvart kontinent, og i tillegg klatra K2 utan oksygenflaske fekk ho responsen «ikkje verst for ei jente». Disse prestasjonane er like tunge for ein mann, ho gjennomførte dei og kjem til å gjennomføre den utfordringa ho har framfor seg på sin eigen unike måte. Ho har lagt bak seg fordommar og kjønnsroller andre vil setje for ho. Ho meiner sjølv at ho ikkje har nokon spesielle ferdigheiter som gjer ho annleis enn andre. Har du ein draum og har høve til å følgje den, så gjer det. Ikkje la fordommar hindre deg.

Farsdagen i dag- å vere far til tre jenter.

Gratulerer til alle fedre! Spesielt til dei som har døtrer! Eg har sjølv tre. Dei er ikkje guttejenter eller tomboys. Det kunne heller aldri falle meg inn å kalle dei det. Dei er tøffe jenter. Kvar på sin måte. På mange områder er dei tøffare enn gutar -og jenter på eigen alder. På andre områder er dei ikkje det. No er dei komen i ein alder der eg ser at fordommar og kjønnsroller spelar inn på kven dei kjem til å bli på ein heilt anna måte enn det det gjorde då dei var born. Det synes eg er synd.

I Noreg er det faktisk slik at mange jenter blir behandla stereotypisk av gutane på skulen. I Noreg vel jenter stereotypisk utdanning, det er faktisk sama val som pregar jentene no, som på 70 og 80 talet. Me ligg langt bak dei landa i verda me likar å samanlikna oss med.

Ikkje rart kanskje at utrykket «ikkje verst-for ei jente» fortsatt blir brukt i dag. Når ei jente gjer noko eksepsjonelt, er ho annleis, ho tenkjer og oppfører seg ikkje slik som ei jente skal, eller er forventa å skulle oppføre seg. Når ein mann gjer noko eksepsjonelt, slår aldri tanken oss å utrykke at han er anleis.

I denne tidsalderen der me er så heldige å få ta del i den teknologiske utviklinga, spør eg meg likevel; kva gjer instagram, snap, facebook og andre sosiale plattformer der me utvekslar meiningar og ytringar med oss? Kroppspress, press på å vere det beste bilete av seg sjølv til kvar tid, drikkepress og sexpress går hand i hand med dårleg oppdraging og sjølvbilete. Ein trykkjer ned andre for å hevde seg sjølv, eller for at andre ikkje skal sjå usikkerheten ein sjølv ber på.

Det synes eg ikkje mine og dine jenter fortener. Ikkje gutane heller for den saks skuld. Eg vil avslutta denne blogginnlegget med Anja sine ord: «Hei jente. Du kan også som meg, leggje igjen fordommar og kjønnsroller bak din rygg, føl draumen din om du vil og kan.»

Du er meir en god nok!

God søndag, og farsdag frå meg.

Kommentarer

13.11.2019 16:23

Marianne

God nok! Bra Cato👏