16. feb, 2019

Klatring, krig og tragedie! Klatring av Elbrus 2008

Summiting med bi-smak

Mount Elbrus 8.august i 2008 med Brynjulf Eide, Øystein Torsvik og Jan Einar Gravdal. Spesiell tur som eg hugsar særs godt. Me traff eit værvindu og fekk ein strålende summitdag. Sjølv bomma eg på aklimatiseringen, og fekk ein tøff tur ned igjen til tross for at "berre" var på 5642 moh. I basecamp den 3.august fekk me melding over satelitttelefon om at Rolf Bae hadde forulykka på K2 den 1. august. Stemningen var trykka. Det norske miljøet var lite, og alle kjente til, fulgte med på og vart inspirerte av dei som gjekk den ekstra mila for å følgje draumane sine. 

Krig! 

 

Attende i Cheget på Russisk side etter å ha komen ned frå fjellet fortsatte dramatikken. Russland hadde gått inn i Georgia og starta ein offensiv på to fronter. Frå sjøen og inn i republikken Abkhazia og frå land via nord-Ossetia og inn i sør-Ossetia. Vi hadde plutselig krigen på begge sider, og befant oss i midten på russisk side. Me vakna til ein by med folk i uniform, alle vindauga på hotellet var spikra igjen. Me heiv oss inn i ein bil og kom oss til den lokale flyplassen. Då me landa i Moskva viste dei invasjonen på tv, og me kunne sjå tankser rulle inn i byene. Krigen var igang.

Klatreforbod

Mount Elbrus vart også stengt for turisme og klatring heilt fram til 2012. Krigen og pågående terror i område gjorde at det tok nokon år før norske turoperatører som Hvitserk og Jarle Trå starta oppigjen med turer til Elbrus. Sjølv om eg har klatra finare og meir spektakulære fjell i åra etter Elbrus, gjer minnene og omstende,  denne turen til ein av dei som ligg nærast hjarta. 

18. des, 2018

Radiobesøk som gjekk heilt gale! Ja, nokon byrja å blø under sending🙈

Sist tysdag, var eg invitert til P5 sitt studio på Kløverhuset i Bergen. I siste liten måtte eg utsette til denne tysdagen. Som hjå mange andre familier no i den travle juletida, stoppa sjukdom hjå ungane all anna sosial trafikk ei stund. I dag derimot, åpna det seg eit nytt høve. Kjellemann og Tony Ågotnes var i storform, for ein velkomst! Ofte er det slik, at når ein skal prate om ekspedisjonar og fjell så kan det bli mykje fokus på det som er farlig, og tonen blir seriøs og litt tung. Ikkje i dag! 😂Dette var ein fest 👏👏

Me snakka om artige og utfordrande ting ein må forhalde seg til på tur. Det var høg toalettfaktor, og kva krumspring ein må foreta seg når det sprenger på i - 40 grader😂

Eg hadde ein utfordring planlagt for Kjellemann, og han tok den! På strak arm! Det er her blodet kjem inn i bildet! Hør på P5 frå klokka 0700 torsdag morgon og få med deg dramatikken, og ein god dose toaletthumor🤣 På fredag er det slutt! P5 blir lagt ned, og det synes eg personlig er veldig trist.Eg krysser fingrene for at det likevel kjem meir frå Tony og Kjellemann med vener. Blir det ein podcast, så laster eg den ned, blir det ein YouTube kanal så subscriber eg. Den dagligedosen galskap og god musikk er eg blitt avhengig av👏

10. des, 2018

P5 og gale, men herlige Kjellemann har invitert meg til ein radioprat i morgon 😊

Eg fekk ein telefon frå P5 og Kjellemann sist veke. Denne gale, sprudlande, herlige radiostuntmannen ville ha meg på besøk for å snakke om litt utradisjonelle vinkler på ekspedisjonslivet. I 2015 ringte han til meg og Øystein Torsvik og spurde om hjelp. Me driv opplevelsessenteret Klyva AS og driv mykje med klatring og sikring der. Han hadde planlagt å henge utfor P5 bygget tidlig på morgenen, og lurte på om me kunne gjere sikkerhetsarbeidet rundt dette. Tidlig på morgenen  (sjå bilete ) , mens intetanende bergensere var på veg til arbeidet, heiste me Kjellemann ut over gateplan, surra i 700 julelys! For ein effekt😂Kjellemann sang julesanger og skapte god førjulsstemmning i nattemørket, der han skinte opp den mørke gata under, både med julelys og sin sprudlande personlighet😂

I morgon må du slå på P5 kl 1200, det er kanskje siste veka du får høre Tony Ågotnes, Kjellemann og Martine Onstad på kanalen. Vår alles kjære radiokanal skal legges ned, og det er trist å ikkje få høre dei spreke innslag om morgon en, på veg til jobb. Eg er takknemlig for å få besøke dei i morgon, og har bestemt meg for å gje Kjellemann ei siste utfordring, eit skikkelig stunt - ekspedition Style! - Så tun inn i morgon, og hør om Kjellemann tar det ultimate chalenge! - 

2. des, 2018

Og vinneren er!.....

I arbeidet med å nå Everest har eg fått mykje god hjelp, noko eg er svært taksam for. Dei flotte folka som driv Nordlyssport har sponsa med premier i denne innsamling. Black Diamond lykta dei stiller med er kåra til best i test. Tor Granli skal ha ein ekstra takk for å at han stillte med sin ski og utstyrskompetanse i forkant av Denali ekspedisjonen. www.nordlyssport.no

Tone Markussen og Jens Jensen stilte med solbriller og isolasjonsplagget bob's your uncle i premie. Tone og Jens har vore mine sponsorer sidan eg byrja å ta kontakt med næringslivet, og eg har hatt gleda av å teste ut prototypen av isolasjonsplagget deira under ekstremeforhold. Sjekk ut www.martonoutdoor.no

Vibeke og Robin Dale Oen i DaleOen Experience har vore gode bidragsytere når eg har trengt råd før ekspedisjoner, og eg har brukt jakken deira både i Alaska og Antarktis. Dei stiller med same jakke i premie til vinneren som blir kåra no i dag. 

Takk til alle som hjelper meg på veien til å nå draumen om Seven Summits. No er det berre Mount Everest igjen. Målet er å få på plass økonomien til det i oktober 2020. Takk til alle som er med og hjelper til og har registrert seg på sida VI ER MED! Takk og til lokalt næringsliv, både dei som har vore med heile vegen, og til nye som eg håpar eg får ein god kontakt med i året som kjem.

Så til trekningen. Trekningen vart gjort ved hjelp av eit dataprogram (sjå bilete) , og vart gjort i vitners nærvær. Vinneren er Merethe Rong Sløveren. Gratulerer så mykje, og takk for støtta🙏Premien blir sendt i posten no i desember. 

God jul, helsing meg, DaleOen Experience, Nordlyssport og Marton Outdoor. 🌲🌲🎁🎀🎉

5. nov, 2018

Ut på tur-aldri sur😊

Ser frem til onsdag, og ny tur med friluftslivklassen på ungdomsskulen. På 3 veker har nærare 60 elevar vore med på kajakk og telttur med overnatting i øygardsskjærgården. Me har dratt i skuletida, padla og satt opp leir, stått opp kl 0530 om morgenen dagen etter, pakka leir, ete frukost laga på stormkjøkken, og padla attende for å nå skulen kl 0830. Det har vore eit eventyr, og eg gler meg til tur igjen denne veka👏😊

Eventyrlystne, kreative, sporty, friluftsglade elevar frå alle tre trinn, har imponert oss lærarar over ein lav sko. Me er imponert over kva dei viser av dugleik både på sjø og på land. 

Kommentarer

05.11.2018 06:08

Randi Fløystad Westvik

Dette høres veldig flott ut. At de kommer opp for å være på skolen neste dag til riktig tid er et stort pluss😉