24. jun, 2017

36 timers transportetappe!

Flaug frå Gardermoen til London, så derfrå til Chicago og så eit kjapt flybytte før siste etappe gjenstod. 7 timers flytur til Anchorage. Totalt 36 timers transportetappe for å koma seg til Alaska.

Vi leide oss ein bil, kjørte til Anchorage downtown hotell og innlosjerte oss. Nå har me hatt oss ein bedre biffmiddag, og lagt planer for morgondagen.

I morgon skal me handle inn dry pack og anna mat for heile turen, dette må organiseres i dag til dag porsjoner, så det er eit godt stykke arbeid. Søndag kjører me tog til ein flyhanger, der eit lite fly skal frakte oss til Kathlina breen. Me kan berre ha med 50 kilo pr person i utstyr og mat, så pakkingen skjer med omhu.

Det er mykje bresprekker på basen, så me har fått råd om å gå i taulag allerede når vi går ut av flyet. Dagene fremover vil nå bli brukt til handling, pakking og ompakking. 

Fra og med mandag vil eg mest sannsynlig ikkje ha nokon telefondekkning før eg er attende i Anchorage, Katrine vil derfor oppdatere bloggen. Ho får meldinger frå satelitt telefon, som ho kan formidle videre.

Stay tuned😊

22. jun, 2017

Anchorage Next!

Då er turen igang, sit på flyplassen etter å ha sagt hade bra til jentene mine. Kånemor tar over bloggen og oppdaterer bloggen. Me har ikkje dekning på turen, men kan sende korte meldinger via satellitt telefon. Rowena holder opp banneret som eg håper eg kan plante på toppen av Denali om ikkje lenge.

Ca 50% av dei som klatrer Denali når toppen, så eg håper værgudene er på vår side. Takk til alle samarbeidspartnere, som har hjelpt meg på vegen. Til jul satser eg på å nå Mount Vinston i Antarktis, om alt går bra.

Vi snakkes😊

Kommentarer

22.06.2017 22:09

Bodil

God tur, Cato😊 håper du er ein av dei heldige som når toppen, og kan ta eit steg vidare mot draumen din!

23.06.2017 09:14

Cato

Takk for fin melding Bodil, ha ein super sommer, snakkes i August, Gler meg👏😊

22. jun, 2017

Tekst

7. jun, 2017

Klyva AS arrangerer Bruhopping frå Rongesundet under SykkelVM 24 sept. 2017!

Tidenes nostalgiske opplevelse for oss som dreiv med pendelhopping frå Rongesundet i ungdommen, og ikkje minst ein eineståande sjangse for alle som ikkje har opplevd dette før, er no lagt til rette for! Og det under sjølvaste sykkel VM 2017 i Øygarden!

24 september er datoen, og me har plass til 100 hoppere den dagen. Me ser for oss ein herleg entusiastisk gjeng, med norske flagg som heier fram syklistane i det me tar pause fra hoppinga under sjølve rittet. Dette blir tidenes minnerike oppleving der ein får oppleve sykkel VM på nært hald, du får utsikta frå Rongesundbrua og naturen rundt, og ikkje minst eit herleg adrenalinkick.

Det blir folk som hopper i bunad, i sykkelklær, i fargerike kostymer dei har laga sjølv og me tar alle med oss  norske flagg! Me gler oss til ein fantastisk dag, med stor stemmning! Har du kubjeller? Ta det med! Har du mala ansiktet ditt i det norske flagget den dagen? Fantastisk! Har du bunaden på? Enda bedre!!

Har du lyst å vere ein av dei heldige 100 som får sjangsen, så tar du kontakt med meg på mail:

Catorislow@hotmail.com

Prisen er 650,- pr person: Da er det inkludert orkesterplass til Sykkel VM løpet på Rongesundet, ein historisk opplevelse med bruhopping frå Rongesundet bru og ikkje minst eit adrenalinkick i trygge omgjevnader du seint vil gløyme!

(Dei som er med må vere bevisst på at dei kan bli filma, det kan vere filmteam der, og filmsnuttane kan nå sjåarar over heile verda.Brua er stengd for andre publikumere en dei som skal hoppe, og tryggleiksteamet. Aldersgrensa for pendelhoppinga er satt til 18. år.)

 

 

29. mai, 2017

Kan du klatra høge fjell, om du har hull i tennene?

Det er mykje ein må passe på når ein skal opp på høge fjell. Greit nok at ein må tenkje på ting som høydesjuke, medisin, utstyr, osv. Men kva med tannhelsa? Kan ein klatre høge fjell med hull i tennene? Kanskje eit rart spørsmål, og eit eksempel på kor viktig det er å ha kontroll på dei minste detaljane når ein er borte frå alt høve til medisinsk hjelp i ein periode.

Endring i trykk, kan føre til smerte i tennene, og det kan faktisk bli så gale at ein må avbryte forsøket på å nå toppen. Det er ein kjend situasjon at det er klatrarar som har måtte avbryte forsøk på å nå toppen av Everest som følgje av tannpine. Dette er it symptom på det som kalles bardontalgia. Dette kan oppstå andre stader enn på høge fjell også, det handler nemleg om endring i det atmosfæriske trykket. Som oftest er smertene eit tegn på underligende tannhelseproblem, eller eit tannlegearbeid som ikkje har fått heilt has på problemet.

På engelsk har problemet eit eigne kallenamn. Flygere refererer til det som "flyer`s toothace" Dykkere kaller det "tooth squeeze" . Kva det enn kalles, så er det rett og slett tannpine, og kan ta fokus frå det du holder på med, og hindre deg i å nå målet ditt. Endringen i det atmosfæriske trykket kan og provosere frem tannproblemer som holder på å bryte ut, men som kanskje enno ikkje har blitt eit problem.

Det største problemer er at smerten oppstår på grunn av av luft som kan vere fanga inne i ein fylling, og siden tenner ikkje utvider seg i høyden, blir det opparbeidet eit press inne i fyllingen. Det fører til intense smerter. Det kan også føre til infeksjoner og i ekstreme tilfeller kan fyllingen "eksplodere/revne" og poppe ut av tennene på grunn av presset.

Når ein kjem nedigjen frå høyden, vil som oftest smerten forsvinne, fordi trykket avtar. No har eg kontroll på treningen, visum, utstyr, pass, medisiner, tryggleiksutstyr og ein haug med andre små og store detaljar. No gjenstår berre det eg fryktar mest, ein tur til tannlekjaren. Eg har ikkje bestillt time endå, men skal gjere det rett etter jobb!

Trur eg....