12. mar, 2017

Test av ekspedisjonsutstyr kombinert med familietur i snøhule=Gøy!

Ein snøhuletur har vore i emning ei stund, 6 år gamle Tindra fekk ikkje vere med i fjor da det var 21- på Vikafjellet, og var klar på at no var det hennes tur! Med ein familie bestående av to voksne og 3 barn, måtte lørdagen brukes til bygging. 6 timer med graving måtte til. Naboene på Oppheim var og invitert, og til slutt var det gravd ut tre snøhuler til 13 store og små. Det var en kveld med mye kos, og ei varm og koselig natt. Snøen lava ned ute, og inne var det varmt og godt i soveposene. Alle sov godt den natta, og Tindra var strålende fornøyd med sin første overnatting i snøhule:)

Sjølv fekk eg testa ut nye soveposer til Denalituren, og kjem til å gå for to stykker. Den eine inni den andre. Eit tynt bergansunderlag, og eit oppblåsbart underlag med dunisolasjon inni. Bergans dundressen vart testa ut, den blir med på tur! Altfor varm for 3- grader, men Denali kan by på 40- om natta og det er målt ned til 59.7- på fjellet.

Prøving av ekspedisjonstelt, måtte eg utsette, av den banale grunn at eg gløymte snøplugger, kjempelærepenge! Perfeksjon og høve til suksess ligg i detaljene.

Super tur, med blie unger og herlege naboer på Oppheim 😊

7. mar, 2017

Dyrt med ekspedisjonsutstyr!

Ekspedisjonsutstyr gjer eit kraftig innhogg i budsjettet, turen koster sjølvsagt sitt, men det som er omtrent like dyrt er riktig utstyr. Utstyrslistene for slike turar kan vere lange som eit vondt år, men alt er like viktig, og nødvendig. Det er vanskelig, ja faktisk nesten umulig å gjennomføre eit slik prosjekt ( iallefall på ei lærarlønn ;)) uten back up frå eit positivt og støttande næringsliv. Her i Øygarden har me heldigvis det, og det er stort engasjement frå dei lokale bedriftene i støtten av både idrett og kultur. Eg har såvidt byrja å snakke med bedrifter i lokalmiljøet, men engasjementet har vore flott og støttande. Til no har eg fått ein samarbeidskontrakt med Malerfirma Monsen AS, Klyva AS, Øygardsmila, Peakfitness, Marton Outdoor, Montèr Øygarden, og er i samtale med fleire andre bedrifter.

Det viktigste for meg nett no, er å tenkje framover på dei andre turane som står igjen, samstundes som eg fokuserer på Denali. Mykje av utstyret eg bruker på denne turen kan brukes omigjen, på dei to siste turane. Eg har også opparbeida meg ein del utstyr, som gjer at eg ikkje lenger treng å investere i så mykje som før. Heldigvis er det positiv holdning til slike prosjekt i sportsbransjen også, og Hemsedalsport har gitt meg gode rabatter og priser på sko, feller og bindinger. Slike investeringar kan fort komme opp i 20 000 åleine, når det er spesialtilpassa til å tåle lange avstander og ned mot -40 grader.

Ser positivt på vegen vidare med tanke på kontakten med næringslivet, det var litt merkelig å lage ei eigen heimeside, og annonsere for "heile verden" kva målet mitt er, men samstundes har det hatt ein positiv effekt på meg sjølv. Det er ikkje lenger ein fjern draum, men derimot blitt ein realistisk målsettjing - Frå flatt hav til verdas tak-

5. mar, 2017

Februar-ting byrjar å falle på plass

Denne månaden har vore travel, teamet har hatt møte i Hemsedal hjå Siv Harstad. Me har fått planlagt dag til dag plan, diskutert utstyrslister, øvd og prøvd Randonee ski, og sko i samarbeid med dyktige folk på Hemsedal sport, og sist men ikkje minst fått øvd på redning og tryggleiksprosedyrar om ulykka skulle vere ute.

Resten av månaden har eg fått tid til ei veke i Østerrike med kjæresten min, og ei veke vinterferie på hytta vår -rypehiet. Viss er ein storslagen plass å vere med familie om vinteren. 

Eg har dessverre hatt fire dagar med influensa, og har berre fått trent to dagar denne siste veka, kjenner at det tærer på samvitet, men no er eg klar igjen for ny innsats. 

Sponsorarbeidet går framover, eg har fått etablert nye kontakter, og utarbeida ein sponsorkontrakt. Eg tenkjer å få prioritere arbeidet med denne sida, så den blir klar til lansering i veke 10.

2. feb, 2017

Januar- ein hard treningsmånad

Januar har vore ein tøff månad. Det har blitt mykje draging av dekk, med sekk på ryggen. to dagar i veka har eg hatt styrkeøkter på peak fittness, treningssenteret her i Øygarden, med min faste treningspartner. Heldigvis er eg også gymlærer, og har fått vore aktiv saman med elevane mine kvar dag, heile veka. I februar regnar eg med at kroppen startar å bli vandt til mengde treninga, og at ting går litt lettare. i snitt har eg lagt på 12-14 timar trening i veka.