1. apr, 2017

Astrid Furholt- vil bli første kvinne til sydpolen, og eg blir med på turen!

Då eg var yngre, var favoritt litteraturen bøker om eventyr og ekspedisjoner. Eg kunne lese og draume meg vekk i timesvis. No i haust byrja eg å fylgje Astrid Furholt, ho er kreftsykepleier, polfarer, eventyrer og første kvinne i Roald Amundsen spor til sydpolen i 2017.

Snakk om hårete mål!

I oktober dreg ho avstad, saman med sin tur kamerat Sivert. På heimesida si skriv ho om utfordringar, trening, sponsorjakt og veien mot draumen. Spesielt har eg satt pris på å lese hennar refleksjonar om kvifor nett denne målsetjinga gjev meining for henne. Det var kjekt å kjenne at nokon satt ord på tankane eg sjølv ofte brukar tid på. 

Eg skal vere med til Sydpolen!

Astrid har fokus på at det er essensielt å finne ut kva som er viktig i livet for nett deg. Ho skriv dette på heimesida si www.astridfurholt.no : " Det handler om å komme seg opp av sofaen, og ut av godstolen. Begynn å tro på at din drøm kan bli virkelighet, og gjøre den handlingen som skal til for at du kan nærme deg det målet du vil nå. Du må gjøre det som skal til også på de tunge dagene, de dagene du ikke har lyst eller ikke orker. Det er å gjøre noe på akkurat de dagene som bygger din karakter og styrke. Du vet du kan, uansett hvor lite motivert du er. For du har klart det før." 

Astrid tar meg med til Sydpolen, og deg og om du vil. Eg gjekk inn på finndinsydpol.no fordi eg ville gje henne inspirasjon attende ved å fortelje om min draum. Eg la også igjen eit bilete av meg sjølv på heimesida hennar, det er no å finna på pulken som ho skal dra med seg heile vegen til Sydpolen. Dermed er eg litt med eg og, Saman med mange andre som har gjort det same. Gjer det du og, skriv ned draumen din, den blir meir verkeleg og oppnåelig når du har delt den med andre.

Astrid vil bruke nett deg som inspirasjon, ho skriv : Da skal dere være min inspirasjon når mine krefter går tomme, og dagene blir uutholdelig lange. Da skal jeg se på dere og fantasere om alle de kule målene dere har satt dere, og tenke på hvordan det har vært for dere å gå for dem.

Lykke til Astrid, heier på deg👏👏💪

Kjelder: www.astridfurholt.no 

www.finndinsydpol.no

 

30. mar, 2017

Vil du bli min samarbeidspartner? Den skumle samtalen!

Det har vore utruleg kjekt å vere i dialog med næringslivet, det var kanskje noko av det eg grua meg mest til. På det området eg har brukt mykje tid og tankar, kjent på at eg faktisk har noko å fare med, og at eg har tru på mitt eige prosjekt, slik at eg  ikkje skal få  kjensla av å tigga. Meldingane frå mine nye samarbeidspartnarar, har gjort prossesen og samtalane lettare og lettare, dei gjer utrykk for at dei får mykje attende frå meg. Det at  eg faktisk har noko konkret å tilby, gjer at ein kan få i pose og sekk.Bedriftene kan både  gje støtte for eit prosjekt dei gjer utrykk for at dei trur på,  og samstundes få vist si støtte synlegjort på klede, heimeside, blogg, instagram og andre sosiale media. Det er god og positiv marknadsføring. Nokon ynskjer i tillegg å utvida avtalen til foredrag og teambuilding.

Det å ha trua på eige prosjekt er noko som gror fram etterkvart som ein får erfaring og ser at ein meistrar utfordringane ein står ovanfor. Dette har vore ei udelt gjevande oppleving, og eg har satt pris på måten kvar enkelt har møtt meg på, både lokalt og regionalt.

Av og til får ein nei, det har heldigvis heller ikkje vore ei negativ oppleving. Kontaktpersonane for bedriftene som har sagt nei, har vore klare i meldingane om kvifor. Nedskjeringar, companypolicy der ein ikkje kjem innunder rett kategori som søkjer, eller andre valide grunnar.Nokon har sagt at dei ynskjer å vere med neste år, når dei har høve til å leggje nytt sponsorbudsjett.

 Eg har nok brukt meir tid på å grua meg til å starte med å kontakte nye samarbeidspartnere,  enn eg har brukt på å faktisk ta kontakt. Slik er det ikkje lengre, no gler eg meg. Må dele ein av desse historiene med dykk. Eg sendte mail til Øygarden Elektriske, for å spørja om eg kunne sende dei informasjon om prosjektet, slik at dei kunne få vurdere om dei var interessert i ein  dialog. Etter fem minutter dukka det opp ein melding i innboksen min, der sto det " Vi har lyst til å hjelpe deg med å nå målet.Synes du er kjempetøff! Hadde vært stilig om Øygarden Elektriske kan vere med på toppene:) Tenkte faktisk på å ta kontakt med deg-for me ser at du er flink til å fremme sponsorene du har fått." For ein melding attende! No gruar eg meg ikkje lenger for den "skumle" samtalen. Takk for all støtte, eg kjem stadig eit steg nærare målet:)

28. mar, 2017

Øygardsmila Kick off!

I dag var ein flott dag! Været viste seg frå godsida, og treningsøkta vart ein både sosial og hyggjeleg affære. Kick off på Øygardsmila starta frå Rong senter, og det møtte rundt 50 stk, både godt trente idrettsutøvarar, born og familiar. Nokre sprang ei mil, mens mange av dei minste sprang minimila som er 3 km. Det var godt humør og fin flyt i løypetraseen, og ei fin gjennomkjøring før Øygardsmila startar 26. august, med rundt 7-800 deltakarar. 

Det var kjekt med eit avbrekk frå dekkdraging, og utsikten over Rongesundbrua var formidabel i dag, blikkstille hav og sol under heile løpet. 

Arrangørene oppfordra alle til å springa enten minimila eller Øygardsmila sammen med dei, og mange hadde tatt dei på ordet. Etterpå åpna billettsalget. Planen var å springe i ulike grupper med ulikt tempo, slik at alle kunne finne ei gruppe som passer dei. Det vart eit uhøytideleg løp utan tidtaking, der målet var å få teste kvar ein sto formmessig.

Etter å ha sprunge, klokken 19:00, åpner arrangørane årets billettsalg. Då fekk ein kjøpe billett til sterkt redusert pris. Sjølv skal eg arbeide som tryggleiksansvarleg under løpet den 26. august, men sikra meg Bilett til kåno, dei to eldste på 11 og 12, og minimila bilett til 6 åringen. Prisen vart berre 350,- mot normalt 800,- so eg synest eg gjorde ein god deal. No gler me oss til hausten, sjølv om far ikkje får delta, men eg skal stå i målområdet å heie dei inn slik som sist:)

27. mar, 2017

Mitt første radiointervju! NRK Hordaland P1

Ein ting er det ingen tvil om, eg egnar meg betre på tur, enn i eit studio. Denne gongen fekk eg kjenna på adrenalinet. Eg hadde klart kva eg tenkte eg skulle snakka om, og kjende meg klar for mitt første radiointervju. Etter eg var ferdig, hugsar eg ikkje eit ord av kva eg hadde sagt, og undervegs vart det fullt jernteppe både titt og ofte. Når Per Vidar (programleiar) spurde kva toppar eg hadde vore på, vart det bom stopp! Eg sit her og humrar for meg sjølv, og tenkjer kor avslappa ein kan vere i nokre situasjonar, og så i andre, fullstendig ufarlege situasjonar, blir det likevel heilt svart. 

Eg las eingong at det var gjort ein undersøkelse om kva folk var mest redd for, på 6.plass var redselen for å døy meiner eg å hugse. Kva førsteplassen var? Å holde tale framfor ei forsamling av menneske!

Eg set likevel igjen med ei god kjensle, dette var bra øving for meg. Espen og Per Vidar, programleiarane, gjorde besøket i studio til ei fin oppleving, hyggjelege og entusiastiske karar:) Dei var interessert i om det var mogleg å få til ei sending undervegs på turen, det skal eg sjå om me klarer å få til, enten via talemelding eller satelitt telefon. Vi jobber med saken, så kanskje det blir ein situasjonsrapport frå Nord Amerika i juni eingong.

No kjem eg nett frå ei hard treningsøkt på PeakFitness, godt å berre ha fokus på trening ei stund, der ein ikkje treng å tenkje på korleis ein skal ordleggje seg;)

Takk til NRK Hordaland P1, Espen og Per Vidar for eit hyggelig møte:) 

26. mar, 2017

Slå på radioen på måndag!

Fredag ringte ein kar og presenterte seg som Espen frå NRK Hordaland, han hadde fått med seg innhaldet i prosjektet mitt - frå flatt hav til verdas tak-!, og inviterte meg til NRK Hordaland sine lokaler på Minde i Bergen. Så om du har høve, og er interessert kan du slå på radioen din måndag 27.03. kl 1600, og få med deg innslaget:)