22. aug, 2017

Ekspedisjonslivet. Episode 5. Cashing på 3400 moh.

Denne campen ligger ved foten av motorcyclehill, ein utfordring som me kom til å slite oss opp to gonger. I denne campen casher me mat og utstyr, det vil sei at me grev ned det me treng til me kjem opp igjen for å etablere leir. Seinere casher me det me ikkje treng med oss videre her, og henter det på vegen ned igjen. På filmen er det mange plasser du ser merkestaver, det er andre ekspedisjoner sine casher, dei var på veg opp for å prøve å nå toppen. Veldig mange klarte det ikkje i år, og me opplever seinere utslitte klatrere på veg ned denne bakken kalla motorcyclehill. I denne høgden er det ikkje dyreliv, men neste bakke etter denne er likevel kalla ekornbakken på norsk.Det er rett og slett fordi eit ekorn hadde rota seg opp i høgden, og klart å overleve på det den greide å grave opp fra ekspedisjoner på tur i området. Det fortelles og om ein svartbjørn som overraska to klatrere her. Han jaga dei ut av teltet, og dei måtte overnatte ute, i kulda i berre ullundertøyet. Bjørnen åt opp det dei hadde av mat, overnatta i teltet, og stakk av dagen etter. Først då kunne klatrarane få på seg klær og koma seg ut av fjellet. Det skal seiast at det var dårlig med bjørn og dyreliv generelt på vår klatretid i fjellet.

18. aug, 2017

Ekspedisjonslivet. Episode 4. Vår verste fiende,sola!

Heteslag og solbrent hud, er kanskje ikkje det ein forbinder med Deanli, eit av verdas kaldeste og mest ugjestmilde fjell! Sanninga er at me i store delar av tida i fjellet, måtte gå om natta. Sola reflekterte som sterkt frå snøen, at ein risikerte å bli solbrent inne i neseborene! Lepper var og utsatt, og eg opplevde sjølv å bli solbrent på tunga under turen, fordi eg pusta med åpen munn nokre timar det var ekstra tungt, og tynn luft. Store deler av tida bruker ein til å koke vatn, inne i kjøkkenteltet var det så varmt denne dagen, at eg måtte legge meg ned på ryggen i snøen, med berre eit tynt pariserbrett under meg, slik at eg fekk kjølt meg ned, samstundes som eg fyrte i primusen. Til tross for at fleire av oss nesten var på nippet til å få heteslag ved nokon anledninger, må ein sjølsagt berre nyta utsikta, været og høve til å oppleve desse fantastiske breene og fjella i fulle drag!

16. aug, 2017

Ekspedisjonslivet. Episode 3. Camp 1. Endelig bre! +Litt drittarbeid

Nå sit eg på flyplassen i københavn, og venter på transfer til Bergen. Her er internettet mykje bedre enn i Spania, og eg bruker derfor høve til å laste ned ein ny episode av ekspedisjonslivet. I spania klatra eg og svoger Vidar nett fastlandspania sitt høgaste fjell, det er ligg i asierra Nevada, og ligg som Denali i ein nasjonalpark. Det betyr at det ein tar med seg inn, må ein ta med seg ut. Det betyr at toalettbesøk (nr 2) må bæres med oppover i fjellet i egne tønner, og så graves ned etterkvart som dei blir fulle. Når ein kjem ned frå fjellet, grev ein oppigjen alle tønnene som ei har gravd ned på veg til toppen, og tar dei med seg ut. Nokon gjer ikkje det, dei berre kaster eksrementene ned i bresprekker, noko som gjer at det over tid, har blitt påvist e.coli bakterier i elvevatnet heilt ned til Talkeetna by. Derfor ynskjer rangerene at ein tar med seg alt ut av fjellet igjen. Dette er eit prøveprosjekt som me meldte oss frivillig til å gjere, noko som vart svært godt motatt av Rangerene. Me fekk til og med ein "drittvimpel" i gave då me forlot fjellet. Der var det bilete av ein toalettrull, tredd inn på ei klatreøks. Herlig sak, som no heng på veggen i The Man Cave (les garasjen) i Øygarden nett no.

14. aug, 2017

Viva Espana! eller kanskje, ver forsiktig med kven du bestiller leiebil av!

 

Dagen var nøye planlagt, me skulle bestige fastlandsspania sitt høgste fjell Mulhacen som ligg i Sierra Nevada fjellkjeden. Fjellet er 3479 moh , og me planla å stå opp tidlig for å koma oss til toppen før det vart mørkt.

Det ville ta 2,5 timer å kjøre fra Mijas der vi holdt hus, til byen Capileira der vi hadde bestemt oss å starte oppstigningen frå. Byen ligger på rundt 1500 moh, så me skulle gjere unna 2000 høydemeter og 3 mil på turen. 

Dårlig start! Bilutleie firma leverte ikkje bilen etter avtalt tid, først tre timer seinere var med på veg! Me starta turen kl 1330, noko som er lovleg seint. Me var forespeilet at det var normalt å bruke 4 timer på halve turen, og at me ville nå refugio poqueira, ei fjellstove som ligg på 2500 moh kl 1730. Resten av turen til toppen på 3479 moh skulle ta 3-4 timer, det gjorde oss litt bekymra, siden me då ville få nedstigningen i mørket. 

Men bestemte oss for å gå ut hardt, og så ta det roligere i høyden. Vidar var i kjempeform, og eg var aklimatisert etter Denali, så det gjekk lett igjennom frodig landskap i poqueira dalen. Me passerte elver, bruer, spanske okser og grøne trer og busker heile vegen til refugio poqueira. På 2500 meter hadde me brukt 2 timer, og resten av ruta gjekk på 2 timer og 22 minutt opp til 3479 moh. Me sto på toppen i strålande solskinn , og kunne gå ned igjen uten å bekymre oss for mørket. Moralen her er vel eigentleg, at skal du nå eit fly tidlig på morgenen, eller ein fjelltopp før det blir mørkt, så vere sikker på at du vel eit bilutleie firma med solid rykte! 

Turen var ein blanding av frodig klima,  høgfjell , steinlandskap og solsvidd gult gras. På toppen gjekk me rett på heile sju steinbukker. Eit fantastisk syn på 3-4 meters hold. På toppen hadde me ein fantastisk utsikt, og ca 12 grader. Men starta turen i pluss 25 grader, noko som var litt vel varmt, så det gjekk nesten 5 liter vatn på turen.

Turen i bil frå Capileira, gjekk på smale grusveier langt opp i fjellet, og ein hadde følelse av å vere med i Rally Dakar! Eg har sjelden vore meir nervøs i bil! Byen og fjellet bør du besøke om du er i nærleiken på ferie. Hugs godt med vatn, tidligere i sesongen kan du få snø på toppen, så hugs skotøy etter årstida. 

Mulhacén (3479 moh) er det høyeste fjellet på Spanias fastland, og også på Den iberiske halvøy. Fjellet er en del av fjellkjeden Sierra Nevada. Fjellet er oppkalt etter Muley Abul Hassan, den nest siste muslimske kongen i Granada, som i følge sagnet er begravd på fjellet.


Fjellet er ikke spesielt bratt, og sørsiden av fjellet er ikke særlig krevende å bestige, i motsetning til den lange vestsiden. Den kortere, noe brattere nordøstsiden er litt mer krevende. Derimot er nordsiden mye brattere, og har mange ruter som forutsetter klatringpå snø og is om vinteren.

Mulhacén kan bestiges på en enkelt dag fra landsbyene Capileira eller Trevélez, men det er vanligst å overnatte på en bemannet hytte i Poqueira, eller i en enkel, ubemannet hytte ved Caldera vest for toppen.

Kjelder:

Wikipedia

Cato Risløw

Ansatte på refugio poqueira

8. aug, 2017

Ekspedisjonslivet Episode 2.. Frå basecamp til bre, Jarle Mundal er brefører.

Jarle er brefører, og siden dette er ein vennetur, har han bestemt seg for å ta føring både på bre, i høgden når vi passerer snø i 5200 meters høgde, og på tekniske deler av løypa der teamet treng ein kar med breerfaring. Jarle kjem i frå Mundal, og fjærland, og er breførar i Fjaerlandguiding.