4. okt, 2017

Nesten oppe! Video 4

4. okt, 2017

Toppen av Denali! Video 5

27. sep, 2017

Vi passerer 6000 moh, det er toppstøt dag på Denali!

I det du passerer 6000 meter er oksygennivået under halvparten av det den er i Øygarden ved havnivå. Dei fleste gjeremål skjer tungpusta. Me har forlatt high camp på 5200 meter, og skal gå 1000 høydemeter på ein dag! Eigentlig skulle me ligge ein ekstra dag i high camp for å aklimatisere oss, men med tanken på kor mange som har måtte snu denne sesongen, og eit værvarsel som ikkje såg bra ut, bestemte me oss for å utnytte værvinduet og pushe mot toppen. Seinare fekk me vite at det amerikanske laget som me hadde leir ved siden av oss på 5200 meter, og som bestemte seg for ikkje å gå denne dagen, måtte snu i high camp pga været. Dei fekk aldri forsøkt seg på eit toppstøt. Det skulle vise seg at me vart det siste teamet som nådde toppen av Denali i år.
I denne høgda må ein være forberedt på det verste i dette området, mangelen på oksygen, tegn på høydesyke, ekstrem kald og tørr luft og eksponering av iskald vind, gjer at klatrere heile tida kan kome bort i farlege situasjoner.
Toppstøt dagen er uten tvil den lengste og hardeste dagen på fjellet. På ein bra dag, med gode forhold, kan ein bruke 9-12 timer til toppen og ned igjen, vi var ute i 22 timer!
Første delen av ruta hadde snødd igjen, og me måtte hakke oss ned i løs snø og is for å finne feste til sikring av tau. Jarle var i tett og gjorde ein fantastisk jobb, den var tung og vanskelig i bratt terreng med lite tilgang på oksygen. Etter Denali passet, gjekk eg på led opp bakkedraget til området kalla Fotball Field, før Ståle tok over og tok oss til toppen, og sat sikring på eit rimelig eksponert område rundt Kahiltna Horn der me måtte over ein eksponert smal snø sti, der ein kunne sjå rett ned i avgrunnen på den eine sida. Ståle gjorde ein kjempejobb, og fekk oss trygt og kontrollert over gesimsen. Neste film eg legg ut, vil vise den fantastiske utsikten 400 meter før toppen! Me sjåast snart:)

26. sep, 2017

SykkelVM er over, nå venter Antarktis og Mt.Vinston (4892 moh)

For ei fantastisk veke det har vore! I nokon få dagar har verda fått eit lite innblikk i vårt lokalsamfunn, vår natur, folket her ute og ikkje minst eit lite innsyn i kva me kan få til på Øyane her vest i havet. Sjølv fekk eg avslutta VM søndagen med eit hopp frå Rongesundbrua Saman med 100 andre strila og bysludda 😊Det var kjekt!
No venter ei ny stor utfordring, Antarktis og fjellet Mount Vinston. Eg reiser i desember!
Kvardagen med jobb, familieliv og trening tar det meste av tida. Innimellom får eg tid til det viktigste av alt- å gle meg, å drauma, og å sjå fram til neste steg i draumen om Seven Summits. Mt Vinston blir fjell nr 6 i rekka av 7.
Saman med støttespalarar og kommunen, åpner det seg muligheter for å nå denne draumen om å bli den første strilen til å klare denne enorme utfordringa!
Denali ekspedisjonen vart ein suksess takket vere god planlegging og støtteapparatet. Me kom til topps i den tøffeste sesongen på 17 år i Denali sin klatrehistorie, av 1200 klatrere var det over 800 som ikkje nådde toppen. Men Team Denali Glacier Vikings og denne øygardsstrilen klarte det!👏🇳🇴
Eg har starta samtaler med med mine samarbeidspartnere frå Denali ekspedisjonen i Juli. Kvalitetskontroll AS, Peak fitness, Monter, Black Diamond, Falcke, Øygarden Elektriske, Marton Outdoor og Nordlyssport er allerede med vidare i arbeidet med å pushe meg økonomisk i vegen mot Antarktis. Det set eg stor pris på! Ein ny aktør er på bana, det kjem eg attende til seinare.
Ein ekspedisjon til Antarktis har oppimot same kostnadsnivå som det siste fjellet i draumen min, Mt Everest. Det går sjølvsagt ikkje å nå målet på ei lærarløn, så nå bruker eg tid framover på å samle alle gode krefter for å nå målet mitt.Eg gler meg til å ta kontakt med nye og gamle samarbeidspartnere no i haust😊

-Frå flatt hav til verdas tak- Draumen om Seven Summits.

26. sep, 2017

Bilde