28. aug, 2018

For ei helg! Heilt vilt!

Då eg i vår vart spurt om å vere tryggleik og beredskapsleiar for MOT foreldremøte, Ylvis konserten, Det Store Korslaget samtidig som eg også hadde det ansvaret for Øygardsmila, hadde eg aldri sett for meg eit slikt vannvittig folkeliv og entusiasme! Dette var som å gjennoppleve SykkelVM, ja kanskje det var endå litt større i mine lokalpatriotiske auge! 

Eg har fått lov å ha med meg fantastiske, engasjerte, tydelege, dyktige, dugnadsviljuge eldsjeler, som har levert til dei grader! Så tryggleikskomiteen i Øygardsmila var satt, og eg kunne lene meg på Roar Elde som tok seg av kommunikasjon og kontakten med Røde Kors frå KO, Renate Sæle, som hadde full kontroll på løypenett, vaktposter og 26 frivillige frå Rong Brass (sprudlande, blide men samtidig proffe folk, som no har 3 ØM i beltet) og Geir Fjellstad som koordinerte politi og trafikkslusing over Rongesundbrua, då slappa eg heilt av. Eg visste at dette kom til å bli nok ein suksess! 

Skjergard stille med Stian Helgesen, det var eit sjakktrekk! Han skaffa folk til både Ylviskonsert og Det Store Korslaget. Dei var villige til å bruke fritida si til å både stille på førstehjelpkurs, lese seg opp på rømningsplanar, beredskapsplanar og risikovurderingar. Dei leverte med glans, og gjennomførte profft to store show med over 1400 tilskuarar og deltagarar over to dager. Samarbeidet med Ivan Nakken, teknisk ansvarlig for bygget Hjeltefjorden Arena desse dagane, var prega av problemløysing då utfordringer oppsto, noko eg hadde sett for meg at det skulle bli meir av i eit så nytt bygg. 

Dette gjer eg gjerne igjen, for makan til stå på vilje og positivitet har eg skjeldan møtt! Det er mange som skal ha ros for å ha levert denne helga, både musikaler, politikarar, løparar, ordførar, administrasjon, artistar, eldsjeler, produksjonsansvarleg, publikum osb.. Men mest ros skal alle dei ha, som stillte og leverte for at andre skulle få oppleve. Eg tar av meg hatten i respekt! Som dåke sikkert kan lese, så er eg fortsatt litt prega og "høgt oppe" etter helga, men eg kjem likevel ikkje til å endre meining om ei veke eller to. Dette treng me her i Øygarden, dette bør bli ein fast tradisjon!

Avsluttningsvis må eg få med at Klyva As også i år fekk arrangera Bruhopping frå Rongesundbrua, eit skikkelig goodfeel arrangement med god stemning og masse glade, spente og adrenalinsøkjande menneske. Magisk stemning frå Dagleg leiar Øystein Torsvik og Team Klyva. Sjølv fekk eg gjennomført eit stunt me har tenkt lenge på, å droppe ut frå brua i kajakk. Det var heilt rått, og rimeleg ubeskriveleg! Kjenner det enno! Etter hoppet vart kajakken heist ned til sjøen og kobla frå, så eg kunne padle inn til Skaget. Eg håper alle som tok Øygardsspranget desse dagene, hadde like god oppleving som eg. Musikken, stemninga, utsikta, menneska...Eg er klar igjen om eit år, og har allerede starta å glede meg👏👏