17. jun, 2018

Tøffaste dama i Antarktis? Dette er Johanna!

I Antarktis satt eg værfast i Union Glacier nokon dager, vinden var for sterk til at eg kunne bli flydd ut av Antarktis og inn til Punta Arenas i Chile. Desse dagane var eg så heldig å bli bedre kjent med Johanna Davidsson, også kjent som Solo Sister. Eg kjem attende til det.

Johanna vart kåra til årets eventyrer, ein utmerkelse som ho tidligare hadde delt med ei av sine storesøstre, etter at dei hadde blitt første svenskane som kryssa Grønland på langs med ski og kite. Johanna viste bilder og film frå turen til sydpolen, ho hadde lært mykje av Grønnlandsturen, og til Sydpolen gjekk ho aleine. Ho arbeider nett no som sykesøster i Tromsø, derav namnet Solo Sister:)

På nokre av bileta kunne eg sjå at ho gjekk med eit kort fleece skjørt utenpå ekspedisjonsutstyret, dette for å unngå forfrysninger, men ho opplevde likevel frostbite. Eg gav henne derfor Bobben min, så ho kunne få prøve den ut i ekstrem kulde. Den har gjort jobben for meg i iskald vind, og eg bestillte ny, med det same eg kom heim til norge.

Ho sa at ho holdt på med ei bok, og no er den komen ut. Eg har sikra meg eit eksemplar. Siden eg har tre jenter sjølv, synes eg det er viktig med kvinnelige, tøffe, robuste og viljesterke førebilete, og anbefaler boka til alle fedre som har jenter i hus! I boka skriv Johanna om kor tøft turen var, og om korleis ho takla å koma seg opp av ein varm sovepose for å dra ein hundre kilos pulk i mange minusgrader og kald vind. Boka handler om eventyrlyst, friluftsliv, mentaltrening og praktiske opplysninger til ekspedisjon og tur. Det er innlegg frå andre store eventyrarar som Alexander Gamme, Børge Ousland og min eigen barndomshelt Stein P. Aasheim. 

Lite sidespor: For dei som ikkje kjenner til desse eventyrarane, søk opp på internett no! Eg traff Stein P. Aasheim i brylluppet til Kristen Skjeldal for mange år siden, og kan settje meg inn i kjensla jentene mine hadde då dei var mindre og snakka om One Direction. Fullstendig starstruck!

Solo Sister er ei feel good- bok av Johanna, med flotte bilder, samstundes er den full av gode råd for kroppen, hjernen og sjela. Eventyrlysten tok ho til Sydpolen på rekordtid! Du finn henne på instagram, berre søk opp #solosisterinsta eller Johanna Davidsson. Skal eg anbefale ei bok i år, så blir det denne!

God søndag alle saman, helsing Cato🙂