8. mai, 2017

Eg reiste til Gudvangen og brente skjegget mitt!

For ei helg me har hatt, i Gudvangen på campingen med ungene og gode vener. Når ungene har det bra, har me vaksne det bra. Det vart ein magisk tur. Me slo opp telt ved elva, 4 telt, 5 voksne og 7 ungar. 

Omringa av himmelhøge fjell, med elva brusande ein meter frå oss og sola skinnende frå blå himmel, låg alt til rette for ein super dag. Elevekajakkane vart satt på vatnet til glede for store og små, me fiska etter ørret og brente bål. Ungane klatra i tre og buldra på store kampesteiner. 

Då kvelden kom og dei små hadde lagt seg i soveposene sine, vart me vaksne sitjande rundt bålet og kosa oss med bålkaffe, eit glas vin og gode samtaler. Det var ei stjerneklar natt, og bruset frå elva vart artig nok overdøva av nokre buldrande og infernalske smell i natta. To gonger slapp is og stein seg ned etter fjellsidene og i trygg avstand, kunne me skua dette mektige synet av vatn,snø og stein som rasa nedover. Våren er her, og varm fønvind gjorde kvelden behageleg, og breane mindre. Me kunne obsevera at elva steig utover kvelden, smeltevatnet fekk ho til å veksa opp mot bredden.

Bålet fyrte me i tidleg, i eit ivrig augeblikk kom eg for nær. Flammene lugga i skjegget, og lukta av brent strila skjegg stakk i naso. Ny erverva ekspedisjonsskjegg fekk seg ein bålstuss. Sjølv slapp eg med skrekken. 

Det er ikkje ofte ein får slike dagar tidleg på våren. Sol og varme, bikini og shorts vær. 20 grader heile dagen. 

Søndagen var det heim til nordavind, og sleping av sekk og dekk. I den tyngste bakken, stoppa ein sambygding bilen, rulla opp vindauga og sa: Da går litt seint med deg i dag Cato!

Eg gler meg allerede til helga, og testing av randoneski og ekspedisjonstelt på Vikafjellet, håper på same været den helga og!