5. des, 2020

Korona og Mount Everest - Øygarden og verden.

Så kom Covid-19!


Planen om å klatre Everest til våren var klar, eg hadde starta samtaler med sponsorer vinteren/tidleg vår 2020. Første sponsormøte med Kaland & Partnes var svært hyggeleg. Eg møtte daværande CEO Tommy Kaland på hans kontor i Bergen, og som eiendomsmegler i eit konkurransebasert miljø, annerkjende han det  å ha store draumar og hårete mål. Me fant fort tonen, og Kaland & Partners ville vere ein av hovudsponsorene i forsøket mitt på å nå Everest, det siste av seven summit fjella eg har igjen å klatre.

Pandemien er over oss.


Aldri hadde eg sett for meg det scenarioet som plutseleg sto foran oss, heile verden vart snudd på hovudet. Som lærer på ungdomskulen i Øygarden vart det hurtig opplæring i korleis ein skulle drive undervisning digitalt. Heimeskule vart inført i perioder, og kollegaene mine jobba frå 0700 om morgonen til seint på kveld for å tilrettelegge undervisning, og samstundes ivareta elevane. Dette har nok vore ein av dei tyngste periodene i mitt lærarliv.Trøsten var at eg i det minste  hadde ein jobb å gå til. Rundt meg opplevde eg fortvilte vener som vart permiterte og oppsagt, og fokuset mitt på Everest våren 2021 forsvant i fortvilelsen over nyheiter om dødsfall og smittespreiing både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det var ikkje lenger aktuelt for meg å besøke bedrifter å prate om samarbeid. Draumen om Everest hadde bytta plass med behovet for å ivareta dei rundt meg, samt ein draum om vaksine og ein kur mot sjukdomen som har tatt livet av så mange, og ikkje minst rasert samfunn i heile verden. Nokon har klart seg bedre enn andre. I Sverige har det døyd fleire enn det fantes innbyggjarar i gamle Øygarden kommune. For ikkje snakke om tala i USA. Det er som mørkast før det blir lyst, me ser ei løysing i horisonten, men samstundes skal me ha i bakhovudet at det døyr eit menneske kvart 30. sekund USA nett no.

Vegen vidare

Eg trur at det meir enn nokon gong at det er viktig å ha draumar og å setje seg mål. Det er det som saman med å ha nokon å vere glad i, som familie og vener, som er med å gje meining til, og i livet. Me er alle ulike, derfor er meininga med livet ulik for oss alle. Nett no les eg at psykiske lidingar blandt born og unge har mangedobla seg under pandemien. Me har ein lang veg å gå når me ser på samfunnsutviklinga framover, både i mikro og makroperspektiv. I lokalsamfunnet er det mykje me som einskildmenneske kan bidra med, og eg ser det skje kvar dag her i Øygarden. Her heldt trenarar igang aktiviteten for borna, lærararne står i ein potensiell smittesituasjon kvar dag for ungane si skuld, det blir samla inn trailerlass med klede og julegåver til trengande i Ukraina, innsamling av pengar for julefering til trengande lokalt, ja på alle frontar verkar det som alle tar i eit tak. Lokalsamfunnet legg inn alt av styrke, entusiasme og mot for å gjere ein innsats for oss alle. Det er fint å sjå og å oppleve.

Øygarden, eit engasjert samfunn, med eit engasjert folk.

Eg er glad for å bu i Øygarden, her er det engasjement og nett det er hovudet og kroppens flybensin. Her kjemper bygdefolk for lokalskulen, politikarane for budsjett, me er einige og ueinige, har ulike syn og ulike behov. Det me har til felles er engasjementet. Det er fint. Det er noko som kjenneteiknar oss strilar, me er stolt, sta, og engasjert. Me tåler ein støyt, men kan og bli blodig fornærma. Av og til kokar me heilt over.Samstundes er me empatiske, me har hjarta på utsida, me bryr oss og me viser det i handlingar og ord. Eg har ein draum om ein ny kvardag om ikkje lenge, og om ei finast mogleg ventetid fram til det skjer. Everest og ein normal kvardag. Nett no verkar dei to som dei høgaste og hardaste måla å nå, dei verkar lengst borte. Samstundes er noko fint med det å vente og, for den som venter på noko godt, venter ikkje forgjeves.

God adventstid til alle❤. 

Helsing stolt ventande stril, lokalsamfunnsentusiast og Øygardsværing.