5. okt, 2018

Herlege Hjeltefjorden Arena!

 


Herlege Hjeltefjorden Arena! Idretten blømer, og hallen syder av aktivitet. Øygarden kommune har fått ei ny storstove, og den vert brukt aktivt heile veka. Nye aktivitetstilbod, fører til nye utfordringar. Sjølv søkte eg kommunen om å halde buldrekurs,  dette er vanleg med tanke på god HMT i andre fleirbrukshallar i Noreg. Eg var leiar for Studentidrettslaget i Sogndal då eg studerte der. Den nye hallen vart bygd samstundes med det, og eg fekk eit fint innsyn i korleis ein tenkte HMT i samband med buldring og klatring. I buldrehallen i Øygarden er aldersgrensa satt til 12 år av Øygarden Kommune, og det er fornuftig om borna klatraåleine. På buldrekurset fokuserer me blant anna på HMT i forhold til oss sjølv og andre.Dersom ein kar som meg, på 80 kilo, fell 3 meter ned på ein treåring som leikar i buldrerommet, vil det få ein dramatisk konsekvensDet har vore givande dagar, med entusiastiske deltagarar. Eg vonar at kursa inspirerer til aktiv bruk av buldrerommet. Buldring er nemleg ein idrett som er stor i Noreg, med både NM og VM. Eg sette prisen for kurset slik som den plar vere i rundt om i Noreg. Mellom «klippene» i Øygarden er det eit klatreeldorado. Det finnes menneske med interesse og kompetanse blant oss. Eg vil tru det er tid for ein klatreklubb eller liknande her ute. Då kan me auke både klatreaktivitet og kompetanse i idretten.Tenkjer det er viktig at det kjem eit slikttilbod i Øygarden, det vert eg gjerne med på. Kanskje kan idrettslaget halde i dette som ein del av breiddetilbodet?  Eg opplever at det er eit fint høve til å skapa god og sosial aktivitet, samt at ein får drive idrett og trening. Klattring/Buldring er ein  fantastisk, underhaldande og personleg utviklande sport. Ein utviklar seg bådefysisk og psykisk. Buldring er folkehelse og breiddetilbod på sitt beste, og sist men ikkje minst, det er ikkje langt mellom kvar gong ein kjenner meistring.


Takk til alle som deltok desse vekene.Dette var veldig kjekt😊
Helsing Cato