18. mai, 2018

17.mai på Toftøy.

For ein dag! 17.mai komiteen på Toftøy hadde gjort ein strålande jobb, og til tross for litt vind for dei som gjekk i tog, vart det ein solskinnsdag med mykje morro for ungar og vaksne på Toftøy.

I 17. Mai talen er det viktig å snakke om kor heldige me er som bur i eit fritt land, det er også dagen for å skryte av oss sjølv, det er tross alt Noregs bursdag🇳🇴 Det finaste med å få æren av å holde 17.mai talen, er at den i utgangspunktet kan handle om kva som helst. Eg valgte i år å snakke om ungane og ungdommen vår og kor heldig dei er som har så mange trygge, solide og tydelege vaksne rundt seg. Det er så mange flotte eldsjeler i lokalsamfunnet vårt som gjer ein innsats for nett dei. Foreldre stiller som trenere i idrett, frivillige til kjøring, matlaging, matkurs, malekurs, dirigenter i kor og korps, eg kunne fortsatt i det uendelege. Ungane våre har høve til å utvikla evnene sine fysisk så vel som mentalt og sosialt fordi engasjerte vaksne bruker av den lille fritida dei har, for å leggje til rette for eigne og andre sine born.

Det synes eg er fint. 

Takk og til 17.mai komiteen for at dei spurde meg om å holde tale i år, og for eit flott arrangement på Toftøy for oss vaksne og ungane våre.

Helsing Cato 😊🇳🇴