7. apr, 2018

Klatrekurs og Brattkort på ein lørdag.

Hadde gleda meg til denne dagen ei stund, eg skulle halde klatrekurs på Kollsnes og vart møtt av ein flott gjeng. Det var full fokus frå start, og alle besto👏👏👏

Gratulerer til gjengen med bestått Brattkortkurs no rett før klatresesongen i Øyarden tek til. No er dåke klare for fine dagar i klatreveggane ute og inne i denne flotte kommunen vår😊 Ein spesiell takk til Ivan for god tilrettelegging.

Dei neste to helgene blir det kurs både lørdager og søndager, gler meg allerede 😊👏