30. jan, 2018

Mykje som skjer for tida!

Det var utruleg kjekt å koma heim igjen etter turen til Antarktis, litt merkeleg å vere vekke frå ungane i jula. No er det mykje som skjer, både på arbeid og på fritida. Eg har holdt to foredrag for ungdomane på Øygarden Ungdomskule. Eit i haust-meininga med livet, og eit under psykisk og fysisk helseveke - draumen om seven summits.

7.februar skal eg halde foredrag i Grieghallen i Bergen, foran tusenvis av ungdommer på #YOU EXPLORE konferansen som Dale Oen Experience arrangerer for andre året. Det kjem foredagsholdere som er astronauter, idrettsutøvere, forskere, næringslivsledere og teknologer.

Eg gleder meg verkeleg til å få delt mitt budskap om viktigheten av å draume, sette seg mål og utforde seg seg sjølv. Det er budskap som dei kan ta med seg vidare i kampen for ein bedre verden. Eg vegjer å vere så naiv, at eg trur at midt budskap saman med foredraga frå engasjerte menneske med ulike fagfolk, vil kunna inspirere unge til å ta tak i ting, sine eigne draumar, eller rett og slett få nye draumar som vil gjere verda til ein bedre plass å leve i framtida.

Bildet på sida, er av Astrid Furholdt som nådde Sydpolen etter måneder med slit i Amundsen sine fotspor, nådde draumen om å bli den første kvinne som gjorde nett det. På pulken på bildet, heilt i front, kan du sjå meg og familien min. Eg var "med" til Sydpolen, samtidig som eg var på same kontinet og klatra Mount Vinson nede i Antarktis. Det gav inspirasjon til å følgje draumen min vidare, og samtidig vite at eg, fordi eg hadde vore med på ei crowd founding, har blitt ein del av årsaka til at Astrid nådde sin draum i år.

Eg har fått fleire tilbod om å halde foredrag for bedrifter, men treng mange fleir for å få råd til å klatre Mount Everest. Det siste fjellet i Seven summits serien. Om bedrifta du jobber i kunne tenkt seg ei anleis motivasjon og fjellforedrag, så blir eg taknemlig om du nemner meg.

Du kan og vere med å støtte meg personleg, og vere med i trekkningen av ein Gore-Tex jakke, issolasjonsplagg og roots solbriller fra Marton Outdoor, hodelykt frå black diamond, og ein spesiallaga gåve i eigen monter frå meg til ein verdi på nærare 10 000 kroner.

Sjekk ut VI ER MED! på denne heimesida:)

Ha ei strålande veke:) Helsing Cato