8. nov, 2017

Med Malerfirmamonsen rett Syd!

I skåleviksvegen 60 på Loddefjord holder Malerfirmamonsen til i flotte lokaler. Eg parkerte foran bygget, som er plassert heilt ved havet, og frå daglig leiar, Rune Monsen sitt kontor var det flott utsikt over fjorden og brua. Sjølv om været var litt grått, var det ingenting trist over nyheten fra Rune. Malerfirmamonsen var med som sponsor til Denali og ville i dag gje beskjed om at dei ynskjer å følgje meg videre i draumen om Seven Summits 😊

Dei er med å sponser turen til Antarktis nå i desember, og eg fekk ta bilde sammen med gjengen som var på kontoret denne dagen. Malerfirmamonsen er ein ivrig støttespiller i arbeidet med å støtte breddeidrett, og er aktiv med på mange arenaer, spesielt med tanke på dei yngste. Dei var også hovudsponsor for Øygardsmila i år, og kjem til å vere tungt inne på dette arrangementet neste år og, til glede for alle løpsglade, både i og utenfor Øygarden.

Eg synes det er spesielt kjekt at dei har sett seg ut ein individuell samarbeidspartner som meg og, spesielt med tanke på at dei fleste firma, i likhet med Malerfirmamonsen har fokus på bredde. Det å samarbeide framover med personar som har trua på at ein kan oppnå "uoppnåelige" draumar og mål som ein set seg, er utruleg verdifullt for meg, og gjer meg både høve og inspirasjon til å fortsette på vegen mot målet!

Denne dagen fekk eg også overlevert inramma takkebrev frå Denali ekspedisjonen, og ser fram til å kunne få koma på besøk igjen, med eit nytt frå ein vellykka tur til toppen av Vinson Massiff i Antarktis!

Takk til Rune og Malerfirmamonsen for kjekke samtaler, og støtta på veg vidare mot toppen av verda😊