31. okt, 2017

Raus, med tanke for folkehelse og livsglede! Det er min kommune. Øygarden!

I vår var hadde eg gode samtalar med Christel Møvik-Olsen, ho er som kjend leiar for kulturkontoret her i kommunen, og har med sine samarbeidspartnarar, losa oss trygt igjennom SykkelVM i år. Christel syntes prosjektet - frå flatt hav til verdas tak-draumen om seven summits var spanande. Kulturkontoret gav difor støtte til prosjektet og ekspedisjonen i sommar. Øygarden kommune vart såleis ein av kreftene som hjalp meg å nå Denali i eit tøft ekspedisjonsår  på fjellet.

No når Antarktis står for tur, og prosjektet har vokse seg større, og utfordingane større med dei, har Øygarden Kommune, min heimkommune og grunnlaget for prosjektteksten - frå flatt hav til verdas tak- igjen vist meg raushet og tillit. Formannskapet vurderte søknaden for meg denne gongen, og eg vart stolt når eg las vedtaket og vurderinga dei har gjort. Eg har difor lyst å dele brevet eg mottok i dag med dykk som føl meg på bloggen.

Vurdering frå formannskapet:

Prosjektet har fått god media dekning, og er blitt profilert bla.anna gjennom BT, BA, Vestnytt, TV2 og BT - TV.

Draumen om 7summits arbeider vidare med media. Heimesida; www.draumenomsevensummits har over 45 000 treff på eit halvt år, og kommunen har rett til å bli profilert gjennom denne sida og gjennom sosiale mediar ved sponsing.Prosjektet bruker Instagram og Facebook i tillegg til blogg og heimesida.

Folkehelseperspektiv: Individuell helseåtferd har stor innverknad for folkehelsa. Det er store sosiale skilnader i helseåtferd og prosjektet «draumen om 7summits» kan påverke fleire i positiv retning til å ta gode og sunne val i eige liv. Prosjektet har hatt foredrag på Øygarden ungdomskule.

Vurdering og konklusjon: Prosjektet «Draumen om 7summits» setter fokus på eksistensielle tema som meininga med livet og kvifor det å ha draumar er så viktig. Rådmannen ser det som verdifult at Øygarden kommune er synleg i denne type aktivitet og støttar oppunder ein synleggjering ute i verda med kvardagsheltane som vi omgjev oss med i eiga kommune. Ved å vere synleg i prosjektet kan vi la oss inspirera saman. Prosjektet tilbyr også foredraga  «kvifor nedturane er verdifulle» "meininga med livet" og «frå flatt hav til verdas tak». Dette er noko som rådmannen ser positivt på å kunne nytta inn i kommuneorganisasjonen. Ein kort presentasjon i kommunestyret kunne vært verdifult for prosjektet og for Øygarden kommune.

For meg er det flybensin på motoren å få ei slik melding attende! Det betyr like mykje, om ikkje meir, enn den økonomiske støtta. Det er særs kjekt at sambygdingar har trua på prosjektet, og at ein på denne måten blir heia fram! Det gjer både energipåfyll og motivasjon til å trene, og  til å bruke den tida som må til, for å forberede seg til nye mål. Ein stor takk frå meg, til alle her i min heimkommune Øygarden.

Helsing Cato.