29. okt, 2017

På veg til Mt.Vinson og Sydpolen samtidig!

For eit år sidan på denne tida, såg eg at det å klatra både Denali og Mount Vinson i Antarktis ville være nærast umogleg. Eg kunne nok klare Denali, men økonomisk ville det vere utopi å klare begge to på eit år. Eg er fortsatt ikkje i hamn, men eg reiser 15. desember til Antarktis, og har no kontroll på ca ein tredjedel av økonomien til denne ekspedisjonen.

Tilbake til det eg ville fortelje i dag, som sagt på denne tida i fjor, las eg om Astrid Furholt, som eg har skrive om nokon gonger i denne bloggen. Eg las at ho skulle gå til sydpolen, og ynskte å vere første kvinne som gjorde dette. (sjå www.finndinsydpol.no), men det eg hang meg mest opp i var budskapet hennar, føl draumane dine, og lev livet, mens du fortsatt er i livet. Budskapet hennar traff meg, fordi eg sjølv har ein opplevelse av at meininga med livet er nett det; å følgje draumane sine, og sidan kvar og ein av oss har ulike draumar, er meininga med livet ulik for den einskilde. Det som Astrid gjer no,( ho er komen til Puenta Arenas, i Chile og dreg etter planen inn i antarktis 3.nov.) er ei oppfyllinga av ein draum ho har bore på i så mange år, og det inspirerer å følgje ho!

Den dagen i november for snart eit år sidan, så las eg på sida hennar at for ein sum, så kunne du sponse henne, og samtidig få bildet ditt på pulken hennar. Så eg gjorde nett det, saman med mange andre. På den måten er eg saman med mange andre "med" til Sydpolen, samstundes som me kan vere med å oppfylle ein draum, gje meining med livet til ein som kan inspirere meg og andre til å gjere nett det same. Ingen draum er for liten, og ingen er for stor:) Ein kjem langt med å ha trua og stå på vilje(kanskje til og med heilt i mål.)

Grunnen til dette blogginlegget er at eg fekk ein messenger melding hjå Astrid for eit par dagar sidan, fritt oversatt:

Frå meg: Hei Astrid, blir rart å vere på Vinson og tenkje på at du samtidig er langt der ute i isødet, der går du og Sivert! Stå på!

Frå Astrid: Ja, der er ein absurd tanke at du er på kontinentet Antarktis, på to plasser samtidig, både på Mount Vinson og på pulken min på veg til Sydpolen 😀

Frå meg: Det har eg ikkje tenkt på!😀 Kul tilfeldighet! God tur:)

Livet er full av artige tilfeldigheter, og eg lærer kvar dag at det å ta tak i ting, og ikkje vente på at ting skal kome til deg, gjer oss fleire sjangsar på å nå draumane våre. Start i det små, så ikkje alt blir for overveldande, og ta eit steg om gangen. Mange små steg i riktig rettning gjer at ein med eit kan sjå at målet er innen rekkevidde. Kanskje er det ikkje så urealistisk som ein først har sett for seg, men det veit ein ikkje før ein prøver.

God søndag i vinden:)