23. okt, 2017

Lag ditt eige dekkdrag!

Det er mange som har spurt meg om korleis ein kan lage dekk drag  til trening i det siste, eg har derfor valgt å reiste dette blogginnlegget. Eit dekkdrag er eit fint treningsverktøy for deg som tenkjer på å bruke pulk i påskeferien, eller berre ynskjer litt variasjon i treninga. Korleis går ein fram:

Det er utallige måtar å løyse utfordringa på, min metode var slik: Ein treng eit dekk, eller to om du ynskjer tyngre drag. Det får du gjerne på den lokale bensinstasjonen, om du ikkje har nokon liggande frå før. Bor eit hol i dekket, og endå eit på motsatt side. Sett på eit metallfeste og ein gjennomgåande bolt, og stram til. Metallfester kan du kjøpe på feks.biltema. Sørg for at metallfeste har ein avlang åpning (sjå bilete) så du lett får ei strammeslynge igjennom. 

Når du har montert feste med slynger på begge sider, hekter du på ein karabin på kvar slynge, og fester dei til magebelte på sekken din. Sekken kan fylles med ved, eller vanndunker for ekstra tyngde. Lukke til, og god tur:)

 

Kommentarer

23.10.2017 17:09

Henriette

Nå har jeg skaffa meg dekk... så må jeg bare få til å lage dette! ❤️ Dette blir bra trening altså!

23.10.2017 18:14

Cato

Kult! Det er veldig bra trening, husk å starte i det små, så kan du øke distansen og vekten i sekken etterhvert 😊