21. okt, 2017

Amalie 1 år, min treningspartner til pyttane i dag😊

Amalie er ei knalltøff lita jente, ho har snart bursdag, då blir ho 1år. Det er kjekt når Amalie er med onkel på trening. I dag skulle me til pyttane, eg drog på dekk og sekk, mens mamma Miriam hadde Amalie i bæremeis til toppen.

Været var heilt strålande i dag, og med møtte masse greie turgåere på turen opp. Miriam og Amalie er nokon råtassar, og spant avgårde, snart såg eg ikkje eingong ryggen i dei. Dei gjekk opp til toppen, kom ned igjen til meg, og slo følge opp igjen til toppen.

Beinøkta på Peak Fitness dagen før såg ikkje ut til å plaga Miriam, sjølv kjente eg kvart steg i rumpa og på framsida av låra. Eg låg på melkesyreterskelen heile vegen opp. I dag  brukte eg nesten eit kvarter lenger til toppen enn eg pleier, fem dager med influensa i haustferien og ein dag sengeliggende denne veka( eg gjekk for hardt ut mandag, trudde eg var frisk nok, og vart hardt straffa med ein dag til sengs med nedkjørt kropp tysdag) har satt sitt spor. 

Denne veka har det blitt sju treningsøkter, men kjenner at eg er klar igjen for å doble innsatsen neste veke. Det er ein hard treningsperiode eg skal inn i dei neste to månedene, men det nytter ikkje å koma uforberedt til Antarktis. 

Miriam er min faste treningspartner tre gonger i veka på Peak Fitness og så får me nokon turar som i dag saman innimellom. Det er uvurderlig å trene saman med andre, det hjelper enormt på motivasjonen å pushe kvarandre. Miriam er knallsterk, har veldig bra utholdenhet og er mentalt sterk. Det nyter eg godt av, ho hjelper meg med å ha fokus på den arbeidsinnsatsen som må legges ned, og for meg som ikkje akkurat er noko A-menneske forplikter det når Miriam er klar for ei tøff beinøkt på peak fitness kl 0600 kvar fredag morgon.

Amalie tok turen med stoisk ro og eit stort smil, ho digger å vere med på tur. På vegen ned frå pyttane, vart det plutselig heilt stille i bæremeisen. Ein god soldat sover når han kan sies det. Amalie er så absolutt ein god soldat😊

Ser fram til morgondagens økt, då blir det dekk og sekk rundt Toftøy. Ha ein strålande dag i sola, og god tur😊

Kommentarer

21.10.2017 13:01

Henriette

Du er bare heilt RÅÅÅÅSTERK!!! Inspirasjon og motivasjon spres rundt! Gleder meg sånn til å lese om fortsettelsen!!!❤️ Låner gjerne utstyret igjen.... men tror 1 km er nok for meg 😂😂😂

21.10.2017 17:27

Cato

Takk skal du ha Henriette, du kan låne utstyret når som helst, kjekt med gode naboer som dåke, god lørdagskveld til heile gjengen i fagrebakkane 40😊👏