20. okt, 2017

Med Øygarden Elektriske til Antarktis!

Mona i Øygarden Elektriske, var ein av dei første eg tok kontakt med i vår, då eg skulle til Denali i sommar. Ho og bedrifta var kjempepositive, og det gøyaste var at dei allerede hadde snakka om å bli samarbeidspartner i prosjektet frå flatt hav til verdas tak- draumen om Seven Summits, før eg tok kontakt. Då eg ringte, fekk eg straks den hyggelige meldingen, og det hjalp meg videre i arbeidet med det for meg uvante arbeidet med å ta kontakt med bedrifter og nye potensielle samarbeidspartnere. Så ein liten personlig takk til Mona, blir det og i dette innlegget, du fylte tanken min med flybensin den dagen i vår👏

I dag var eg innom med inramma takkebrev, og fekk tatt bilete av oss på kontoret til Øygarden Elektriske på Ågotnes. Det var kjekt. Eg ser fram til vårt vidare samarbeid dei neste åra.

Takk igjen for positiviteten og støtta😊

Helsing Cato