14. okt, 2017

Seadive er med til Antarktis!

Seadive var med som samarbeidspartner, og støttet meg økonomisk til Denali i juli, dei har trua på prosjektet -frå flatt hav til verdas tak-,draumen om Seven Summits:) Seadive er med til Antarktis, og det skal bli ein fornøyelse å ta med logoen til mine samarbeidspartnere til toppen av Mount Vinston. I slutten av desember går ferda sydover, og til ein ekspedisjon eg har store forventninger til. Antarktis har alltid vore ein stor draum! Dette året har vore det store reiseåret, og kulminerer nyttårsaften på breen saman med klatrere frå fleire verdsdelar. I år vil eg ha besøkt fire kontinenter og ti land! For eit eventyr! Takk til Seadive for å tru på prosjektet mitt, eg ynskjer og treng fleire samarbeidspartnere som og ynskjer å få den første strilen frå 0 meter over havet til toppen av dei høgste fjella på alle kontinenter. Nyt resten av haustferien i fjellet eller ved havet, det skal eg gjere😊