4. okt, 2017

Toppen av Denali! Målet, etter måneder med forberedelser blir nådd!

Endelig! Etter måneder med arbeid, treninger tidlig og seint, sjonglering av arbeid, familieliv, venner og fritid når vi målet vårt! Toppen av Denali! Det føltes som ein bragd der å då, og gjer eigentleg det enno. (Toppstøtet er lagt u i fem deler, se videoene nedenfor også.) Det var tøffe utfordringer underveis, både tekniske og personlege, men fokuset i heile gruppa var klar, me gjer alt for å nå toppen så lenge det ikkje er fare for liv og helse. Belønningen er og var enorm! Dei fem filmsnuttene viser platået me kom opp på, før eggen som førte oss dei siste 50 høydemeterene til toppen. Eg har ikkje filma over gesimsen/snøhylla som Ståle leda oss over, fordi då trengte me å bruke begge hender. Utsikten på platået og værvinduet som gav oss ein time med magi var fantastisk. Sjå sjølv, håper du som meg, finn inspirasjon og turglede i desse korte filmsnuttene. Nå er det full fokus på Antarktis, og fjell nummer seks av sju i draumen min om sevensummits- frå flatt hav til verdas tak! Turen startar 16. desember, og som Denali, så blir det pulk og sekk me transporterer det me treng i. Håpet er å få reise med og treffe like flotte og dyktige mennesker som mine venner frå Denalituren:)