16. aug, 2017

Ekspedisjonslivet. Episode 3. Camp 1. Endelig bre! +Litt drittarbeid

Nå sit eg på flyplassen i københavn, og venter på transfer til Bergen. Her er internettet mykje bedre enn i Spania, og eg bruker derfor høve til å laste ned ein ny episode av ekspedisjonslivet. I spania klatra eg og svoger Vidar nett fastlandspania sitt høgaste fjell, det er ligg i asierra Nevada, og ligg som Denali i ein nasjonalpark. Det betyr at det ein tar med seg inn, må ein ta med seg ut. Det betyr at toalettbesøk (nr 2) må bæres med oppover i fjellet i egne tønner, og så graves ned etterkvart som dei blir fulle. Når ein kjem ned frå fjellet, grev ein oppigjen alle tønnene som ei har gravd ned på veg til toppen, og tar dei med seg ut. Nokon gjer ikkje det, dei berre kaster eksrementene ned i bresprekker, noko som gjer at det over tid, har blitt påvist e.coli bakterier i elvevatnet heilt ned til Talkeetna by. Derfor ynskjer rangerene at ein tar med seg alt ut av fjellet igjen. Dette er eit prøveprosjekt som me meldte oss frivillig til å gjere, noko som vart svært godt motatt av Rangerene. Me fekk til og med ein "drittvimpel" i gave då me forlot fjellet. Der var det bilete av ein toalettrull, tredd inn på ei klatreøks. Herlig sak, som no heng på veggen i The Man Cave (les garasjen) i Øygarden nett no.