8. aug, 2017

Nedturene er viktigst!

Når er det folk dør på fjellet? Det varierer sjølvsagt. Men i hovedsak er det når ein er på veg ned igjen til tryggleiken. På veg opp har ein fokus, ein er på! Ein tar hensyn til kva hovudet veit om høydesyke, snøkvalitet, ras, sikring, temperatur osv.
Når toppen er nådd, er det berre halve turen som er gjennomført! Mange gløymer det, og det er derfor me har utrykk som summit fever.
Dei fleste ulykker, og dødsfall på høge fjell skjer på vegen ned igjen! Det er derfor, som i livet generelt, at det er nedturene som er viktigst!
Dei som har opplevd tøffe ting og motgang i livet sitt, og komen heilskinna ut av nedturene, har ein ekstra ballast. Nedturene gjer oss sterkere, sjølv om det i perioder er vondt.
Eg har kanskje lært mest om meg sjølv av nedturene mine, om det er tragiske ting i nær familie, eller turar som ikkje har gått slik som dei var tenkt. Ein ting er sikkert, eg ville uansett ikkje, i etterklokskapens lys, vore foruten læringa og utviklinga ein får som menneske, av å møte motstand, sorg og savn.
Nett som hard trening, er det å utfordre seg sjølv i situasjoner ein er redd for, det som gjer ein ekstra dimensjon til det å vere menneske og det å leve. Nedturene er viktigst tenkjer eg, dei former oss, gjer oss sterkere, meir erfaring, skaper oss til bedre menneske, om me velgjer å lære av dei.....