29. jul, 2017

Har du ikkje flyskrekk? Då bør du prøve dette!

Turen frå byen Talkeetna og inn til Kahiltna base camp, kan beskrivast som særs spektakulær. Ein treng ikkje klatre Denali for å ta turen inn med fly. Det vil riktignokk koste deg nokon tusenlapper, men er verkeleg verdt det. Er ein heldig, så får ein lande på breen også. Vegen inn var heftig, ein føl tre stor elver, som sakte men sikkert går over i fast form, og blir til tre store brearmer som strekker seg mot foten av Denali. På flyturen inn, fekk me sjå Denali som majestetisk strakk seg ut av skylaget eit kort augenblink, før toppen igjenn vart innhylla i mystikk. Denne flysnutten tar berre for seg landinga på Kahiltna breen, og rettferdig gjer ikkje flyturen inn i det heile. Likevel artig å lande på snø og is, mellom massive fjell. Den improviserte rullebana var flytta lenger opp i fjellet dette året, pga at bresprekker hadde oppstått der den var tidligere.