6. jul, 2017

Cato rinde heim (nynorsk) frå 5000 meter opp i loktæ. Det sko vore bryllaupsdag kvar dag!

5. Juli; Fikk problem m 2 av fuel pumpene vaare i gaarkveld. Kulde/hoeyde. Klarte aa loese! Maa ha til vannkoking. Hentet depot i dag. I kveld 8 regnbuer paa en gang. 4. Juli; 9 t tok flyttingen til Camp 4 paa 4300m naa oppsetting av telt ogvannkoking. Blir nok lett aa sovne i kveld.

Ja, dette var siste nytt frå høgden. Det er godt å høyre livsteikn frå dei kvar dag, sjølv om dei ikkje skriv mykje.

Ivar Aasen- nynorsken sin far seiast det. Kva er vel ikkje meir naturleg enn å skrive blogg på nynorsk når ein sit i Vik i Sogn? (eller fordi ein lova det i førre innlegg, og nokon beit seg merke i det). Her er ein i Vik, fullspekka av tanter og onkler som verkeleg beundrer og heier på Cato … Han liker å skryte av at han er frå Vik i Sogn (nokre prosenter av Cato er ekte Vikablod), og eg er samd i at det faktisk er noko ein kan skryte litt av.  Så kva gjer me damene til Cato, den store og dei små, når maken er bortreist på sjølvaste bryllaupsdagen? Me reiser sjølvsagt til Vik i Sogn.

(her måtte eg slette alle dei fine orda eg hadde funne på lexin.no, fullspekka av flott ord på Ivar Aasen sitt skriftspråk, nynorsk. Eg hadde skrive mykje moro om kadl som gløymde den viktige dagen då han fekk si møy. Her måtte eg berre bite alt i meg…….

Cato ringer, ein halv time over midnatt, men det er sikkert framleis bryllaupsdag på høgfjellet i Alaska - sjølv om det er litt over tida. Det er heilt sant, det var han som ringde. Eg ser nummeret på telefonene, eit langt og framandt telefonnummer - eg seier at anten er det Cato som ringjer eller så vert eg svindla når eg tek telefonen.  Eg tok sjølvsagt sjansen, og høyrer Cato blid og nøgd i andre enden - gratulerer med dagen. Han fortel at han er 5000 meter oppe i høgda, gratulerer med dagen for andre gong og ber meg helsa småjentene. Samtalen er kort, då det er over satelitt og eg skjønar at det kostar ein halv månadsløn for kvart minutt. Eg fortel kort (ein kan jo ikkje nytte sponsormidlar til telefonrekning) at eg er i Vik i Sogn og at me har feira med rabarbrasuppe og vaniljeis, at me saknar han og ikkje minst at eg ynskjer lykke til med siste etappe mot toppen. Det var godt å høyre stemmen hans, og eg veit at det sit både familie og vener som og er glad for å høyre at han har ringt heim. Det er mykje tryggleik i informasjon og det å veta.  

Eg har lærarar som føl bloggen - klare med rødpennen.  Blogginnlegget vert difor kort i dag. Men eg har dobbeltsjekka nokre av orda eg har nytta i innlegget, og tenkjer eg kjem greit ut av det.

Ps: Legg ved eit bilete av Cato, der han er klona med gromonkelen frå Vik i Sogn. Onkelen er det eg veit singel og like kjekk som han Cato, berre sånn at det er sagt...