24. jun, 2017

36 timers transportetappe!

Flaug frå Gardermoen til London, så derfrå til Chicago og så eit kjapt flybytte før siste etappe gjenstod. 7 timers flytur til Anchorage. Totalt 36 timers transportetappe for å koma seg til Alaska.

Vi leide oss ein bil, kjørte til Anchorage downtown hotell og innlosjerte oss. Nå har me hatt oss ein bedre biffmiddag, og lagt planer for morgondagen.

I morgon skal me handle inn dry pack og anna mat for heile turen, dette må organiseres i dag til dag porsjoner, så det er eit godt stykke arbeid. Søndag kjører me tog til ein flyhanger, der eit lite fly skal frakte oss til Kathlina breen. Me kan berre ha med 50 kilo pr person i utstyr og mat, så pakkingen skjer med omhu.

Det er mykje bresprekker på basen, så me har fått råd om å gå i taulag allerede når vi går ut av flyet. Dagene fremover vil nå bli brukt til handling, pakking og ompakking. 

Fra og med mandag vil eg mest sannsynlig ikkje ha nokon telefondekkning før eg er attende i Anchorage, Katrine vil derfor oppdatere bloggen. Ho får meldinger frå satelitt telefon, som ho kan formidle videre.

Stay tuned😊