25. mai, 2017

1 månad igjen!

No nærmar det seg med stormskritt! Ein månad igjen til avreise!

I helga vart det møte i Hemsedal med The Denali Glacier Vikings. Bra teamnamn på gjengen som dreg på tur i lag. Siv, Ståle, Reidun, Christian, Jarle og meg sjølv, fekk nokon fine dagar med planlegging og topptur til Nibbi 1741 moh denne helga.

Det er mange detaljar som skal på plass. Siv og Christian sjekka at satelitt telefonene virka, og planla tracking utstyr. Me sat og av tid til planlegging av mat, og organisering av dette. Det meste av andre ting som visumsøknader, og personleg utstyr ordnar me sjølv. Men nokon ting er greit å få gjort når me er i lag.

Sekken me skal bere på  innover breen mot Denali vil vege rundt 23-25 kilo, pulken rundt 50 kg. Det er mykje utstyr og ikkje minst fuel til matlaging som me må ha med oss, men heldigvis blir pulkane lettare og lettare etterkvar som me grev ned mat og fuel som me skal ha til vegen attende.

Laurdag fekk me oss ein flott tur til Nibbi, me parkerte bilane og gjekk med skia på sekken ein kilometer før me kom opp til snøen. Tåka låg tett, og me starta i ei snørenne der Ståle og Reidun er godt kjend. Me gjekk i tåka til me nådde toppen, der var det og tett som graut, så me fekk ikkje sett så mykje av utsikta som skal vere utruleg flott når sola skin på blå himmel. Renna hadde rundt 30 graders helling, og det vart ein flott nedfart. Eg gjekk rett på ræv to gonger i dei første svingane. Eg hadde ikkje låst skoa, for nedfarten. Dei var fortsatt i full flex modus då eg satt utfor. Rooky mistake! Etter å ha klikka opp hendelen for låsing av skoa, gjekk alt så mykje bedre, og turen ned vart utruleg kjekk.

Om kvelden diska Ståle og Reidun opp med fantastisk god middag i hytta si, og me fekk på plass dei siste detaljane for turen, og fordelt arbeidsoppgåver som gjensto. Med ein månad igjen, kjenner eg på presset med å bli klar. No er det samstundes mykje å gjere på jobb med ein flott 10.klasse som skal ha munleg eksamen, avsluttningstur til Polen, samling og arbeid med den strålande gjenngen i Øygardsmila, og planlegging av ferietur til Arendal og Spania etter heimkomsten frå Denali.

I haust byrjar eg og i arbeidet som Rågjevar på Øygarden ungdomsskule, samt at eg har ein draum om å klara å få til ein ekspedisjon til Antarktisk rundt juletider. Med 3 ungar og trening i tillegg, pluss alt som skal klaffa og gå rundt i ein familie på fem, skulle ein nesten hatt fleire timar i døgnet. Heldigvis er me to om det, sjølv om kånemor får det meste av byrden på heimefronten i desse dagane. Samstundes er det jammen bra at alle dei tinga eg skriv om i dag, er planar, handlingar og menneske som gjer meg energi, og ikkje tappar meg for energi. Det er fint å vere Cato for tida:)