30. apr, 2017

Shopping frå øverste hylle!

Karen på bilete heiter Tor-Christian, og kom på besøk til meg her i Øygarden. Han hadde med seg fleire ting, blant anna gode tips om utstyr til Denali turen. 

Forhistorien til dette besøket, var at eg eit par veker før, reiste inn på sportsmessa i Arenum. Eg hadde som mål å sjå om eg fann ein utstyrsleverandør som kunne tenkt seg å samarbeide med meg om prosjektet -Frå flatt hav til verdas tak-!

Det viktigste for meg, var ikkje nødvendigvis at ein kunne levere utstyret eg treng til turen, men og at staben hadde kompetanse og erfaring med utstyr som skal brukast under ekstreme forhold.

På messa vart det full klaff med gutta frå Nordlys Sport AS! Dei har blant anna Black Diamond, og Falcke i sin portefølje, noko eg var veldig nøgd med. Det betyr kvalitet i ytterbekledning, skall, innerbekledning og på skiutstyr. Tor-Christian viste seg å vere i besittelse av den kunnskapen eg trengte i forhold til blant anna randoneski, bindinger, staver osv. Han har tidligere jobba med telemarkslandslaget, så eg følte meg i trygge hender.

Denne samarbeidsavtalen, gjer at eg i løpet av neste veke er i boks med alt av utstyr til turen, smått og stort😊Alt frå jumar og ski, ned til småting som teltlys og hodelykter. Heilt fantastisk!  i skrivende stund, er Tor-Christian i gong med å tilpasse ski og bindinger til meg, sjølv blir kvelden i kveld brukt på Oppheim. Eg har hatt meg 1,2 mil på joggetur rundt oppheimsvatnet i strålende sol, og skal no igong med å finlese utstyrslista min enda ein gong. 

Håper alle har ei strålende helg, nyter uteværet, og ikkje minst 1.mai, på måndag. Alle som skal delta på den internasjonale demonstrasjonsdagen for arbeiderbevegelsen, får sol, blå himmel og perfekt togvær på måndag. God helg😊