17. apr, 2017

Mørke augeblikk, lyse opplevingar!

Etter ein strålende påske, sit eg her i Myrkdalen, i ei snøfonn og reflekterer over dagane som har gått så altfor fort. Ungane gjennomfører siste krampetrekning i trekket, sola skin og himmelen er knall blå. 

Det har vore toppturar med familie, påskeeggjakt for ungane i Vik i Sogn, og langrenskiturar på både Oppheimsfjellet og Vikafjellet med vener og familie. Kort sagt full utteljing, for store og små. 

Fredagen, etter turen til Vik i Sogn , var me attende på Voss i 19 tida, sjølv var eg litt rastlaus, ettersom det var meldt litt tvilsomt vær laurdag, og kvelden var strålande nett no.

Eg pakka sekken, hodelykt, tok snowboard på ryggen, og satte kursen​ for Storanosi. Storanosi (1205 moh.) ser ikkje så stor ut på lang avstand, men kjem du nær nok, ser du at den er ganske så formidabel. Du finn Storanosi på sørsida av Oppheimsvatnet. Med toppturutstyr kan du starte turen opp frå Grindaland. På toppen har du eit praktfull utsyn og flott nedkøyring i vente. Uansett nedkøyring vil du ha fin skogkøyring siste del av turen. 

Målet var å nå toppen før det vart mørkt, så eg gjekk hardt ut. Toppen vart nådd 2,5 timer seinare på fjellski. Skia vart festa på sekken og bytta mot brett. Frå eg sat i gong, til eg var ferdig skifta, var det så mørkt at eg ikkje fann exiten eg hadde sett meg ut på framsida av fjellet. Det var isete og mykje stein, og eg gav opp å gå nedover med glatte snowboardsko for å leite etter ein god exit. 

I lyset av hodelykta, tusla eg opp mot toppen igjen, og fekk ein fin tur ned, same veg som eg gjekk opp. Litt kjipt å ikkje rekke ryggen på framsida av Storanosi før sola gjekk ned, men likevel fornøyd med hodelykt køyring kl 2300 i både høgfjell og bjørkeskog. Det var magisk å stå på toppen i natta og sjå lysa frå hyttene på Oppheim langt der nede. 

Kvar påske har sine augeblikk ein tar med seg vidare i livet, dette var uten tvil ein av dei augeblikka for min del.

Neste helg blir elvekajakkane med opp, det er klart for ein ny sesong med nye augeblikk.