5. apr, 2017

Alsidig jakke, for kvardagsopplevingar og ekstreme turar, eg er nøgd og glad!

Eg sat heime forleden kveld og gjekk igjennom utstyrslista til Denali turen. Ein god og ikkje minst funksjonell skalljakke, hadde eg bruk for, det er heilt essensielt, og eg kom på at Dale Oen Experience har laga ein jakke med fokus på dei forholda eg vil møte i fjellet. Eg er i frå Øygarden, og hadde no høve til å bruka eit godt testa kvalitetsprodukt  utvikla av sambygdingar!

Vegen var ikkje lang frå tanken var tenkt, til at eg ringte til Vibeke Dale Oen, som er grunnleggar av Dale Oen Experience. Me avtalte eit møte, og eg fekk sjekka ut jakken. Den har vore gjennom to år med testing på høge fjell, i kalde Arktis, og her heime i den fantastiske skjærgården vår.  Det viste seg å vere ein tre lags skalljakke, ekstra kjekt var det at fargen var i norsk flaggraud. Det er godt å omgje seg med ein smule nasjonalkjensle når ein er på tur i det store utland. Vibeke kunne informere om at kjøper du ein jakke, så bidreg du samstundes med jakkar til ungdom som treng det, eit supert tiltak! Ta kontakt med Dale Oen Expeirence på salg@daleoen.com , om du, som meg har lyst å investere i ein kvalitets skalljakke, og samstundes ynskjer å gje noko attende til andre.

Robin og eg fekk og tid til å prata litt om turar i inn og utland. Kjensla av at det er i naturen ein blir kjent med kven ein er,  kven ein ynskjer å vera, og at det er i mestringen ein opplever at alt er mulig, har me begge gode erfaringar med. Robin er ein engasjert kar, og eg fekk både påfyll og inspirasjon med meg frå samtalen vår. Kjekt å få oppleva eit slikt engasjement hjå andre,  rundt mine planar og draumar om å nå seven summits som første Vestlending! I tillegg var Robin og Vibeke raus nok til å tilby seg utlån av satellitt telefon og anna utstyr som er naudsynt til Denali turen.

Eg har tidlegare skriven innlegg der eg er taksam for å ha eit lokalt næringsliv, som er så støttande. Samstundes tenkjer eg på det Vibeke sa den dagen, om kor viktig det er at ein støttar kvarandre, og hjelper til der ein ser at ein kan. Eg opplever dette nesten kvar dag, etter eg starta med å realisere denne draumen. Eg ser målet koma stadig nærare. Det er inspirerande!

Ynskjer alle ein fin påskeJ