7. mar, 2017

Dyrt med ekspedisjonsutstyr!

Ekspedisjonsutstyr gjer eit kraftig innhogg i budsjettet, turen koster sjølvsagt sitt, men det som er omtrent like dyrt er riktig utstyr. Utstyrslistene for slike turar kan vere lange som eit vondt år, men alt er like viktig, og nødvendig. Det er vanskelig, ja faktisk nesten umulig å gjennomføre eit slik prosjekt ( iallefall på ei lærarlønn ;)) uten back up frå eit positivt og støttande næringsliv. Her i Øygarden har me heldigvis det, og det er stort engasjement frå dei lokale bedriftene i støtten av både idrett og kultur. Eg har såvidt byrja å snakke med bedrifter i lokalmiljøet, men engasjementet har vore flott og støttande. Til no har eg fått ein samarbeidskontrakt med Malerfirma Monsen AS, Klyva AS, Øygardsmila, Peakfitness, Marton Outdoor, Montèr Øygarden, og er i samtale med fleire andre bedrifter.

Det viktigste for meg nett no, er å tenkje framover på dei andre turane som står igjen, samstundes som eg fokuserer på Denali. Mykje av utstyret eg bruker på denne turen kan brukes omigjen, på dei to siste turane. Eg har også opparbeida meg ein del utstyr, som gjer at eg ikkje lenger treng å investere i så mykje som før. Heldigvis er det positiv holdning til slike prosjekt i sportsbransjen også, og Hemsedalsport har gitt meg gode rabatter og priser på sko, feller og bindinger. Slike investeringar kan fort komme opp i 20 000 åleine, når det er spesialtilpassa til å tåle lange avstander og ned mot -40 grader.

Ser positivt på vegen vidare med tanke på kontakten med næringslivet, det var litt merkelig å lage ei eigen heimeside, og annonsere for "heile verden" kva målet mitt er, men samstundes har det hatt ein positiv effekt på meg sjølv. Det er ikkje lenger ein fjern draum, men derimot blitt ein realistisk målsettjing - Frå flatt hav til verdas tak-