5. mar, 2017

Februar-ting byrjar å falle på plass

Denne månaden har vore travel, teamet har hatt møte i Hemsedal hjå Siv Harstad. Me har fått planlagt dag til dag plan, diskutert utstyrslister, øvd og prøvd Randonee ski, og sko i samarbeid med dyktige folk på Hemsedal sport, og sist men ikkje minst fått øvd på redning og tryggleiksprosedyrar om ulykka skulle vere ute.

Resten av månaden har eg fått tid til ei veke i Østerrike med kjæresten min, og ei veke vinterferie på hytta vår -rypehiet. Viss er ein storslagen plass å vere med familie om vinteren. 

Eg har dessverre hatt fire dagar med influensa, og har berre fått trent to dagar denne siste veka, kjenner at det tærer på samvitet, men no er eg klar igjen for ny innsats. 

Sponsorarbeidet går framover, eg har fått etablert nye kontakter, og utarbeida ein sponsorkontrakt. Eg tenkjer å få prioritere arbeidet med denne sida, så den blir klar til lansering i veke 10.